Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Stoppa opp

midtsiden
Det meste er klart til opning, men den nye overgangen står framleis med posar på skilta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, mars 3, 2010 - 16:23
I haust var overgangen nesten ferdig. Kvifor er den framleis ikkje ferdigstilt og i bruk?

Fortauet på brua mellom Bruarøy og Sundøy går på motsett side av fortauet på Sundøy, der blant anna skulen ligg.I snart 30 år har elevane kryssa vegen utan gangfelt, før ein krapp og uoversikteleg sving, ofte på skrå grunna ein stor dam.

I haust var dei nær på å få tryggare skuleveg, men prosjektet blei berre nesten ferdig.

Ventar på Vegkontoret
I haustferien 2009 starta arbeidet med å laga fotgjengarfelt på Sundøy, i enden av brua. Os kommune var nesten i mål, men så stoppa det opp.

- Vi fekk beskjed om å venta. Vegkontoret ville sjekka dimensjonane på konstruksjonen som heng utanfor brua, og sidan har det ikkje skjedd noko, seier seksjonsleiar for samferdsle i Os kommune, Arne Håkon Rød.

Rask prosess
Rød fortel at det er Vegkontoret som har kome med teikningane dei no skal sjekka dimensjonane på, og at konstruksjonen er i samsvar med desse teikningane.

- Vi gjekk raskt i gang med prosjektet, kanskje raskare enn Vegkontoret rekna med. No er det berre igjen å laga gangfeltet opphøgd. Men først må v på synfaring saman med Vegkontoret, og det skjer nok ganske kort tid etter at snøen er vekke.

Annonse

Relaterte saker

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no