Stoppar vegen her?

midtsiden
Når ny E39 mellom Os og Bergen skal byggast kjem det også ein avstikkar til Åsen. Men kva med resten av Lysefjorden? (Kart, Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
lørdag, juli 24, 2010 - 09:02

Den planlagte vegen frå Åsen til Søvikåsen er i bompengesøknaden tatt ut av prosjektet. - Den skal likevel byggast samstundes med resten, seier Søviknes.

Den 15 kilometer lange, nye hovudvegen mellom Os og Bergen kjem til å kosta rundt 4,2 milliardar kroner, inkludert ny veg frå Endelausmarka til Åsen ved steinbrotet der Fjellanger Hundeskole held til.

Ifølgje den opprinnelege planen skal det også byggast ny veg frå Åsen over til Søvikåsen ved avkjørsle til Drange. Denne vegen er tatt ut av prosjektet det blir søkt bompengar på.

- Totalprisen på prosjektet blei så høg at vi måtte kutta for å unngå auka bompengeavgift, noko ville gjort at vi måtte ha tatt ny politisk handsaming av saka, seier ordførar Terje Søviknes.

- Derfor blei denne delen av prosjektet flytta som eige prosjekt til fylkesbudsjettet, fortel han.

Vegen det er snakk om er venta å få ein pris på mellom 40 og 60 millionar kroner.

Skal byggast parallelt likevel
Sjølv om vegen frå Åsen til Søvikåsen ikkje lenger er med i prosjektet som skal bompengefinasierast, blir den sett på som ein viktig del av Svegatjørn-Rådal.

- Vegen er viktig for å kopla store delar av Lysefjorden til ny E39 og vi har framleis ambisjonar om å få den bygd parallelt med Svegatjørn-Rådal.

- Føler du deg trygg på at det kjem til å skje?

- Ja, det er eg veldig trygg på. Vi har berre fått positive signal på at denne vegen skal prioriterast i fylkesbudsjettet slik at den kan stå ferdig saman med E39 og Endelausemarka i 2017.

Endelaus-styre samla igjen
Os kommune sitt prosjektstyre for Endelausmarka har hatt ein pause. Men etter at kommunen på forsommaren fekk kjøpa det siste stykket av det komande næringsområdet blei det møte igjen.

- Vi hadde eit møte rett før feiren og skal ha eit nytt eit i august.

- No skal området planleggast meir i detalj, frå intern infrastruktur til inndeling av arealet til ulike typar bransjar.

Avgjerd våren 2011?
Når det gjeld Svegatjørn-Rådal ventar Os kommune og Bergen kommune framleis på nye tal frå vegvesenet, blant anna grunna bompengefritak for dei som bur ved kommunegrensene.

Når tala er på plass, ein gong i løpet av hausten, kan bompengesøknaden kan sendast med ny kalkyle til andre runde i kvalitetssikring av tala, KS2. Så ventar handsaming i samferdsledepartementet før endeleg avgjerd i stortinget, truleg våren 2011.

Sånn skal det sjå ut når ny E39 er ferdig, ny veg til Åsen og over til Søvikåsen. (Kart: Os kommune)

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no