|
Kjetil Vasby Bruarøy
tirsdag, juni 29, 2010 - 14:05
|
Os Turn Fotball, Jada, Nore Neset og Søre Neset var representert med 13 lag i årets Sognefjord Lerum Cup, ein cup for spelarar frå 11 (fødd i 1999) til 14 år (fødd i 1996).
For gutar og jenter fødd i 1997 og 1996 var det også sluttspel, og 8 av dei 13 laga frå Os kommune var gamle nok til å kjempa om sluttspel og finalar.
Det eine G96-laget til Os vann finalen, det andre kom til semifinalen i B-sluttspelet, Nore Neset G96 gjorde det skarpt i sluttspelet, men tapte to minutt før slutt og J97 frå Os fekk 4. plass.
Les òg: Til topps i Sogndal
Flinke jenter
Fleire andre lag gjorde det bra i turneringa. Jada sitt J98-lag har aldri tapt ein kamp. I Sogndal vann dei alle dei fem kampane med ein målforskjell på 37-3. Største siger var 14-0.
Os sitt jentelag 98 vann to kampar, tapte to og spelte ein kamp dei leia 2-0 uavgjort 2-2.
Ni gutelag
Utanom dei tre jentelaga var det to gutelag frå Os i G98-klassen, fire i G97-klassen (Os 1, Os 2, Søre Neset og Nore Neset) og tre i G96-klassen (Os 1, Os 2 og Nore Neset).
Os stilte med to lag i G97-klassen, det eine blei puljevinnar, det andre hamna sist. Os1 slo Fana 4-1 i A-sluttspelet, men tapte 1/8-finalen 2-3 for Eid. Os 2 vann 5-1 i kvalifiseringsrunden i B-sluttspelet, men tapte 1/8-finalen 0-2.
Søre Neset G97 gjekk til B-sluttspelet etter siger, tap og uavgjort i dei tre innleiande kampane. I kvalifiseringsrunden tapte dei 0-2 for Nore Neset.
Nore Neset G97 hadde to tap og ein uavgjort før sigeren over Søre Neset i B-sluttspelet. I 1/8-finalen blei det 0-5-tap for Tertnes 13.
I G96-klassen gjorde Os 1 det så godt som det går an, finalesiger 2-0 og 33-0 i målforskjell. Med to jenter på laget frå J96-laget som tok bronse i fjor.
Os 2 vann både 1/8-finalen og kvartfinalen i B-sluttspelet, men tapte semifinalen 0-9 for Sotra 3, som også vann finalen.
Sosial opptur
Osingane er godt representerte i Sogndal, og turen og cupen er ei viktig oppleving for dei mellomstore utøvarane.
Dei fleste spelarane søv saman på Kvåle skule på Fosshaugane, nær sentrum, der dei har måltid i kantine, badar i symjebasseng eller går på diskotek.
Gutane og jentene synes det er spennande å bu på skule saman, medan foreldre og trenarar byter på å overnatta på skulen med ungane dei tre nettene.
Nokre tar den 10 minutt lange spaserturen til kjøpesenteret i sentrum, som har spennande aktivitetar på utsida og ein del å by på innandørs.
Når foreldre, søsken og over 150 spelarar reiser på tur til den vesle saftbygda blir det osingar å treffa «over alt», også etter at cupen er over.
Neste år er det ungar fødd i 2000 som får sin første tur til Sogndal på cup.
