|
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, juli 26, 2010 - 15:22
|
- Dei var overraskande gode teknisk og veldig fysisk uthaldande, seier Os-spelarane Marthe Reidun Haugland og Julie Kopperud etter kampen.
Dei to er fødd i 1994, og hadde med seg nokre 95- og 96-spelarar då dei i dag tok imot spelarane frå barneheimen Nsumba i Uganda til venskapskamp før Norway Cup.
Kampen enda 0-3 (0-1).
- Men det var veldig gøy å møta eit lag frå Afrika, dei spelte på ein annleis måte, var gode til å finta og kvar enkelt gjorde mykje bra individuelt der vi i Noreg gjerne sender av garde ein pasning, legg dei til.
- Blei for stilleståande
Sjølv om Os stilte med ei stamme av 15- og 16-åringar mot eit lag med spelarar frå 14 og ned til 11 år, var dei ikke overlegne fysisk.
- Vi blei for stilleståande og hadde nok litt for mykje respekt, trur Os-trenar Ragnhild Eide.
Nsumba-jentene hadde tre tøffe treningskampar i går, der dei blant anna slo 96-jentene til Fyllingen, som vann Norway Cup i fjor. Det er med andre ord eit godt lag Os-jentene fekk å bryna seg på.
Fargerik oppvarming
Det var ikkje berre sjølve kampen som var underhaldande, oppvarminga var som venta, med afrikanske trommer, song og dans.
Nsumba prøvde å få Os-jentene med på leiken, noko dei først lykkast med då trenarane tok ansvar og kasta seg ut i det.
VIDEO: Etterpå var det osingane sin tur til å styra dansen, «så tar vi ene foten frem, og rister litt på den ...».
