|
Kjetil Vasby Bruarøy
torsdag, mars 4, 2010 - 11:14
|
Dei som er leie av å klaga over all snøen skal snart få noko anna å bli misnøgd med; slaps. Fredag og sundag er det meldt tre plussgradar og sludd, måndag 4 plussgradar og regn. Også i slutten av neste veke er det venta nedbør i våt form.
Vindstyrken skal også auka, frå laber til lett bris.
Har du planar om å rydda vekk meir snø før den blir forvandla til slaps bør du ta eit tak før sundag. Vil du nyta fint vintervêr bør du bruka dagen i dag på best mogleg måte.
