|
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, august 3, 2009 - 10:56
|
Etter nesten seks veker i Bjørnefjorden letta Deepsea Atlantic ankera og kjørte mot Gullfaksfeltet.
− Bjørnefjorden har ganske flat botn og er passe djup, derfor er den godt eigna til oppankring og den type arbeid vi har heldt på med for å bli klare for oppdrag, seier kaptein og plattformsjef Kåre Kvalvaag.
Brukte lokale krefter
Kåre Kvalvaag er frå Søre Øyane, og fleire firma frå nærmiljøet fekk travle dagar medan Odfjell Drilling sin nye rigg låg i fjorden. Arbeidsbåtane «Samba», «Notmann» og «Kursken» gjekk saman med «Godøysund Ekspressen» og «Lukksund Ekspressen» i skytteltrafikk med utstyr og mannskap, Hargun Eiendom sitt store naust fungerte som base på land, cateringselskapet Øyamat AS serverte snadder til møta og Vedholmen Landhandel leverte aviser og førefallande proviant.
− Medan vi låg her blei det snakk om å returnera til CCB-basen på Ågotnes for å ta ein del arbeid, men sidan vi
hadde på plass eit så velfungerande lokalt støtteapparat så sleppte vi å flytta på oss før turen til Nordsjøen, fortel Kvalvaag.
− Det var naturleg å bruka lokale bedrifter, men kanskje meir hjelp i det enn kva vi hadde venta. Det opplegget vi har her kjem kanskje andre til å kopiera seinare, legg han til.
Når riggen er i drift i havet kjem 128 personar, om lag 70 av dei frå Odfjell Drilling, til å ha arbeidsplassen sin om bord. I Bjørnefjorden blei det jobba to skift, i tillegg til pendlarar.
− 27 pendlarar ha overnatta på rorbuer i Øyane og på Bjørnefjorden Gjestetun, medan Hargun sitt naust har vore destinasjon for utreisemøte. Drosjane på Os har nok også hatt ekstra mykje å gjera denne tida.
Midtsiden fekk koma om bord i verdas største flyterigg før den gjekk frå bygda. Bilde frå innsida av riggen kan du sjå i neste utgåve av magasinet Midtsiden, som blir distribuert 12. august.
Fakta om Deepsea Atlantic
Eigar: Odfjell Invest Ltd.
Verft:DSME (Sør-Korea)
Byggetid: Cirka 32 månadar
Ferdigstilt: 6. februar 2009
Motorstyrke: Totalt 66.000 hestekrefter frå Wärtsila
Til bygginga har det gått med 20.000 tonn stål, 900.000 meter med kablar og 465.000 liter maling.
Riggen skal på oppdrag på Gullfaks-feltet for StatoilHydro.
