Tapte med tynn stall

midtsiden
Keeper Einar Godø. (Arkivfoto: KVB)
Det var lenge tett i bortekampen mot BSI, men med ein og ein halv innbytar enda det med fjerde tap på rad.

- Den førre kampen tapte vi på slurv, i går hadde vi rett og slett ikkje meir å gje, seier trenar Leif Idar Røen.

Os tok ein knapp siger over BSI heime i haust, med veteranane Erlend Lyssand og Kenneth Husebø på laget. Måndag blei det firemålstap på bortebane.

Kjempa hardt mot god høgreback
BSI kjørte eit høgt tempo, og hadde ifølgje Røen ein knallgod høgreback.

- Det gjorde at vi måtte legga om forsvaret til 5-1, med frimerke på denne motspelaren. Toppskårar Jørgen Wold fekk oppgåva og brukte sjølvsagt mykje krefter på dette.

Wold fekk delvis sett motspelaren ut av drift samstundes som han skåra 9 mål. Mot slutten av kampen minka det på kreftene, så då blei ikkje angrepa og skota like gode.

Os klarte 15-14 til pause, og leia i periodar, men tapte 31-27.

- Vi har ein del ute med skade og hadde berre to innbytarar med. Ein av dei var ikkje heilt i form så då blei det ekstra mykje på kvar spelar. Når stallen er så tynn som den er no så får vi ikkje alltid spelt det spelet vi ønskjer.

Jamn avdeling
Det har blitt ein del stang ut for Os den siste tida. Sjølv om dei har gått ned ein divisjon frå i fjor ligg dei no på 6. plass blant dei 10 laga i avdelinga.

Samstundes har Os éin kamp mindre spelt enn ein del andre lag og ligg berre 1 poeng frå 4. plassen og  6 poeng bak Nornen 2 på 1. plass.

- Vi ligg nok der vi høyrer heime, midt på tabellen, men vi skal halda fram med å kjempa hardt mot kvar einaste motstandar utover vårsesongen, lovar Røen.

Os sitt lag: Einar Godø, Charles Whiteley, Stian Hjertholm 2, Ove Lyssand 5, Joakim Blostrupmoen 2, Erik Vågen, Jørgen Wold 9, Fredrik Andresen 3, Kristian Bruarøy 6, Øystein Vindenes.

SJÅ TABELL

Os spelar også neste kamp på bortebane, mot serieleiar Nornen 2 16. februar. Neste heimekamp går mot Florø laurdag 27. februar.


Ein person er pågripen etter innbrot i ein bustad på Søre Neset onsdag ettermiddag.
midtsiden
Trond Giske grip inn i ferjesaken, og Fjord1 kan førebels fylla ferjene igjen.
midtsiden
Onsdag kveld blei Øvredalsvegen stengt for tredje gong på éi veke.
midtsiden
Søvikåsen er stengt, i første omgang til torsdag, grunna steinras og fare for nye ras.
midtsiden
Barnehagedekninga i Os har på 5 år auka frå 63 til 88 prosent.
midtsiden
Politikar Ingrid Netland fekk høyra om lokalt engasjement då ho i går, på barnehagedagen, besøkte Søre Øyane Naturbarnehage.
midtsiden
Det nystarta selskapet Fløysand Blikk AS søkjer allereie etter fleire fagfolk.
midtsiden
Verken brannvesen eller politi veit kvar det store oljesølet i Sollia stammar frå.
midtsiden
Kultursjef, ordførar og fleire Frp-arar sat på heidersplass medan dei blei parodiert i Nor å ne-revyen.
midtsiden
10 dagar med mildvêr stoppar ikkje Håkon Holen og Arne Veim Haugland sine planar.
midtsiden
- Vegen såg breiare ut, seier føraren som hamna i grøfta i Søvikåsen i dag.
midtsiden
1 dag, 3 kampar og 10 mål - Åsne Takle Eide (15) fekk treningsleir med Arna-Bjørnar.
I Bergen arresterte dei heile 10 polske dørseljarar i helga, måndag taua politiet i Os inn éin.
Tatt på fersken: Han var tidleg vaken, og tok seg god tid, mannen som forsynte seg frå naust i Kuvågen tysdag morgon. (Oppdatert)
midtsiden
Det er observert ein flokk med fem spekkhoggarar i Fanafjorden.
midtsiden
Osingen Sigurd Beldo, som i fjor imponerte i Offroad Finnmark, starta laurdag på eit 500 km langt løp.
midtsiden
Jens Mildestveit har fått tøffare konkurranse etter at han fekk svart belte. Men det hindra han ikkje i å vinna sin første internasjonale medalje.

Utanlandske seljarar er observert i Os igjen. Kjem det nokon på døra di og vil selja trefigurar ber politiet deg ta kontakt.

midtsiden
Os sleit seg til siger over Gneist i går, og er no klar for toppkamp og kamp om opprykk.
midtsiden
Tysdag kjem elevane ved Os Gymnas til å gjera som mange andre vidaregåande skular - brenna bål i protest.
midtsiden
Sjøfartsdirektoratet har bestemt at gassferjene må redusera kapasiteten med 150 passasjerar.
midtsiden
Det har gått snøras i Rødsliane, men vegen har i motsetnad til Øvredalsvegen ikkje blitt stengt.
midtsiden
Det har gått fleire ras over Øvredalsvegen etter at den stengte torsdag. Likevel blir den opna igjen i dag.
midtsiden
- Kva skal vi etterlata oss for komande generasjonar? Eit sarva samfunn og nokre milliardar på bok? spurte Siv Jensen på Solstrand laurdag.
Stein Ove Halhjem var ein av fleire osingar som erstatta advent i heimbygda med tur til Kilimanjaro.

Fyllekjøring med motorsykkel enda med kollisjon, 14 timar i koma og amputasjon av venstre bein. No åtvarar osingen andre mot å kjøra med promille.

midtsiden
Ambulanse, brannvesen og politi rykte i kveld ut på trafikkulykke med store materielle skadar.
midtsiden
Sverre og resten av det norske juniorlandslaget imponerte i lagtempo i Moskva.
midtsiden
- Låven sto og svaia litt før den brått la seg flat, fortel eigaren.

Full dame på Røykenes, urinering i sentrum og melding om bevisslaus mann utanfor Bar2Be er blant det politiet har tatt hand om natt til sundag.

Ei kvinne blei kjørt til lege for sjekk etter at ferjelemmen blei løfta opp under bilen hennar.

midtsiden
Os Karateklubb tok laurdag seks medaljar med seg heim frå Sveio.
midtsiden
Os vann ingen av dagens treningskampar. Men det burde dei gjort.
midtsiden
Osingen Bjarte Haugsdal spelar frå start for Brann i dagens serieopning mot Haugesund.
midtsiden
Medan Jørgen Wold var på jobb på Europris blei bilen hans ripa opp på eine sida.
Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil (a) midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
Macbox as
mnn (a) macbox.no
drupal cms