|
Gjest
tirsdag, april 13, 2010 - 12:57
|
Egentleg skulle kampen gått på Tertnes si heimebane, men på grunn av problemer med å finna hall i Bergen blei laga einige om å spela kampen i Oshallen.
Utan trenar
Trenarane Kenneth Husebø og Erlend Lyssand er begge opttatt med jobb tysdagskvelden, så då får kaptein Madeleine Hjertnes forsøka seg som lagleiar. Madeleine blei skadd i seriekampen mot Stord tidlegare i vinter og er ikkje frisk nok til å spela sjølv.
Husebø rekk riktignok å vera med på kampførebuingane, men under kampen blir det Madeleine som er sjefen.
Eit godt lag
Tertnes 3 har denne sesongen spelt 4. divisjon saman med Os 2 og vann serien suverent. Det er med andre ord eit godt lag som kjem til Oshallen. Dei stiller mellom anna med fleire som har spelt eliteserien.
Kampen startar kl 19.30
