Tatt i 97 km/t

midtsiden
UP hadde laserkontroll saman med Os lensmannskontor onsdag kveld. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
torsdag, august 20, 2009 - 00:46

Politiet sto med laser i Os onsdag kveld. Dei fleste kjørte fint, men for enkelte blei det ein dyr biltur.

Utrykningspolitiet hadde saman med Os lensmannskontor fartskontroll i Os onsdag kveld og natt til torsdag. I 24-tida flytta dei seg frå Halhjemsvegen, etter å ha stått der nokre timar.

- Vi skreiv ut tre forenkla forelegg for høg fart, fortel Trond Valvik frå UP til Midtsiden.no.

Høgaste fart dei målte i 80-sona var 97 km/t, noko som gjorde føraren kvalifisert for forelegg på 3600 kroner.
I tillegg fekk ein bilførar beltegebyr for manglande sikring av unge i bilen.

Etter midnatt flytta politiet seg til Storestraumen på Søfteland, og kontrollerte trafikken i retning sør.

- Vi sjekka 73 bilar, og alt var OK med desse. Mange av dei var folk på veg heim frå konsert i Bergen, der dei hadde storkost seg, seier Valvik.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no