|
Kjetil Vasby Bruarøy
tirsdag, mars 16, 2010 - 10:53
|
Ein mann i 40-åra blei i 8.30-tida tatt av politiet, mistenkt for å stå bak fleire tjuveri.
- Vedkomande hadde med seg noko vi trur er tjuvgods, seier lensmann Rasmus Dalen.
Naboar som såg mannen snoka rundt i hamna varsla politiet, som kom til staden og tok mannen med seg. Vedkomande skal vera ein kjenning av politiet.
Politiet rykte ut - etter ein time
Midtsiden.no har snakka med ein som bur i området der tjuveriet fann stad.
- Politiet blei varsla klokka 6.50, klokka 8.15 var politiet på plass. Dei var heldige som likevel klarte å ta tjuven, fortel han.
- Når dei har ein slik sjanse til å ta nokon på fersk gjerning bør dei klara å kasta seg i bilen litt raskare, legg han til.
Syndaren hadde nemleg tatt seg god tid.
- Han hadde med seg ei vogn som han fylte opp og gøymte bak kommunen sitt pumpehus. På veg vekk frå staden, til fots og utan vogna, blei han stoppa av politiet.

Kommentarer
Dette er veldig bra!
Her har du klart å sette fram det viktige i saken og skrive det bra!
I motsetning til radios, som har lagd en sak ut av den pågrepnes opphavsland, har du gidd en oversiktelig og god formidling av saken.
VELDIG BRA!
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av tombar 03/16/2010 - 10:27