|
Kjetil Vasby Bruarøy
lørdag, februar 27, 2010 - 22:51
|
I starten såg det ikkje ut til at dagens heimekamp skulle bli så spennande. Etter knappe fem minutt leia Os 4-0 over gjestane frå Florø, og var på god veg mot tredje siger på rad. Men det blei både 4-2, 5-5 og 5-6 før Os igjen tok over og leia kampen ut.
- Vi heldt oss i leiinga resten av kampen, bortsett frå ei kort stund i 2. omgang, då dei klarte å tangera oss, seier trenar Leif Idar Røen.
Os leia 11-8 til pause og vann 24-21.
God motstand
Florø, som blant anna stilte med ein spelar som tidlegare har spelt i dansk toppserie, gav Os motstand på heimebane.
- Vi brente litt for mange sjansar, men leverte elles nok ein god kamp. Trygve var som vanleg spesielt god, det same var Ove, Einar og Jørgen. Men dette var samla sett ein skikkeleg lagsiger, meiner trenaren.
- Samstundes imponerte Preben meg, som etter fire år vekke frå kamp gjorde ein så god jobb på den vanskelege plassen på høgre ving, seier Røen om den høgrehendte fotball- og handballspelaren.
Os - Florø: 24-21 (11-8)
Os sitt lag (skåringar i parantes): Einar Godø, Charles Whiteley, Ove Lyssand (5), Trygve Dahl (8), Preben Borgen (4), Jørgen Wold (6), Stian Hjertholm, Daniel Røen, Håvard Brattabø (1), Kristian Bruarøy og Knut Bjarne Ulvatne.
Os spelar neste kamp på heimebane mot Gneist sundag 14. mars klokka 17.45.
