|
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, august 24, 2009 - 13:08
|
Politiet i Os har i lengre tid drive systematisk etterforsking for å bremsa omsetnaden av GHB i bygda. Fredag gjekk dei til aksjon hos ein bergensar i 20-åra.
- Saman med politiet i Bergen pågreip vi mannen og ransakte husværet hans, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Sikra bevis
Mannen blei dimittert etter avhøyr laurdag. Politiet har sikra fleire bevis i saka.
- Vi fann GHB, men vi har også tatt beslag i ein del anna, blant anna PC-en hans.
Om dei fann ingrediensar til å produsera GHB vil politiet førebels ikkje ut med.
Viktig aktør
Os lensmannskontor kjenner til at det også har blitt produsert GHB i Os, men ser på aksjonen i Bergen som ein viktig del av arbeidet med å bremsa omsetnaden.
- Vi mistenker mannen for å ha selt GHB til mange i Os, og håpar at vi no klarar å demma opp ein stor del av omsetnaden av det farlege stoffet, seier Hadler-Olsen.
Mannen som er mistenkt for produksjon og omsetnad av narkotika er ein kjenning av politiet i Bergen.

Kommentarer
Folk som lager GHB, har yoghurt i ræven!
Og veit du ka???
Eg trur dei liker å ha yoghurten der! :S
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av tombar 08/30/2009 - 10:42Godt jobba, ta dei andre som lage GHB også, og la dei få smake egen medisin...
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av martin 08/27/2009 - 06:24