Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Ungdomane vann

midtsiden
Sven Lyssand, her i kamp for A-laget mot Stord i helga, skåra to av måla mot Nymark. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
torsdag, mars 18, 2010 - 15:07
Eit ungt Os-lag vann onsdag 5-2 over Nymark, men Hellevik blei ikkje imponert.

Os stilte med sine yngste spelarar i treningskamp mot Nymark onsdag kveld.

- Planen var å berre stilla med 1990-modellar eller yngre, men sidan Even Bjoarvik har vore ute med skade ei stund let vi han byrja forsiktig med berre å spela éin omgang. Kjetil Hansen sto i 2. omgang, seier hovudtrenar Frank Hellevik.

Dårleg førebudd
Os sin assistenttrenar, Tore Nielsen, spelte for Nymark frå 1990 til 1995, og trente dei på 2000-talet. Den gong rykte dei opp til 3. divisjon, men året etter var dei tilbake i 4. divisjon, der dei framleis er.

- Dei var nok ikkje så godt førebudd, eg trur dette var første treningskampen deira i år, seier Nielsen om gamleklubben hans.

Hamna under
I treningskampen onsdag kveld tok Os leiinga allereie to minutt ut i kampen. Preben Borgen sørgja for 1-0. Men så skåra gjestane to raske og de sto 1-2 13. minutt ut i kampen.

Mats Lespøe utlikna i 18. minutt medan Sven Lyssand gav Os tilbake leiinga ein halvtime ut i kampen.

Sven skåra to
Før pause auka Ramo Racic leiinga, etter kampens flottaste angrep. 4-2 til Os etter 42. minutt.

Sven Lyssand skåra sitt andre og det einaste målet i 2. omgang då han i 67. minutt sette inn 5-2-målet.

Ikke godt nok
Hellevik synes Os vann fortent, men er ikkje nøgd med det han såg av eigne spelarar sine prestasjonar i går.

- Det var ikkje så veldig bra i går, for upresist, mykje slurv og ujamne prestasjonar. Dani og Baste gjorde ein god kamp ellers var det nok eit stykke unna 2. divisjonsnivå.

Desse spelte mot Nymark (4-3-3): Even Bjoarvik (Kjetil Hansen), Baste Jonassen, Dani Bergstø, Kristiffer Sande (Kjartan Svendsen), John Ole Johannessen (Martin Eidsvik), Vegard Leikvoll Moberg, Preben Borgen, Mats Lepsøe, Espen Valvik (Espen Kopperud), Ramo Racic og Sven Lyssand.

Byta blei gjort i pausen.

Os spelar internkamp sundag og treningskamp mot Baune måndag 22.4 klokka 19. Etter påske blir det treningskamp mot Fyllingen.

Seriestart blir på heimebane laurdag 17. april mot Kjelsås.

Første NM-runde blir spelt 13. mai. Kvar og mot kven blir ikkje bestemt før etter kvalifiseringrundane, som Os slepp når dei no er i 2. divisjon.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no