|
Kjetil Vasby Bruarøy
lørdag, mars 6, 2010 - 15:44
|
Liker du å hoppa på ski eller brett? Då kan du melda deg på den lokale amatørkonkurransen Os Snow Challange.
- Vi bygger bigjump og inviterer til konkurranse for amatørar i fire klassar. Det er gratis å delta, seier Håkon Holen.
Saman med kameraten Arne Veim Haugland har han den siste veka fått alt det praktiske på plass. No håpar dei to at vinteren held seg fram til konkurransedagen laurdag 20. mars.
Premiar og afterski
Holen og Haugland har gjort avtale med grunneigar Terje Os, Rema 1000 Kuvenstasjon om bruk av delar av parkeringsplassen som base, og fått låna ein maskinførar til å assistera når hoppet skal byggast.
- I tillegg har vi sponsorar, så det blir premie til beste skikjørar og beste brettkjørar i klassane over og under 16 år, seier Håkon.
- Vi skal også i dialog med uteplassane på Os for å høyra om ein av dei vil rigga til ein afterski for dei som er over 18 år, legg han til.
Triks og stil
Håkon har sjølv ein del erfaring frå både brettkjøring og hoppbygging medan Arne nyleg har gått over frå ski til brett. Dei to får litt assistanse frå venar i snowboardmiljøet til arrangementet, og set opp ein jury som skal evaluera hoppa deltakarane presterer.
- Juryen dømmer etter lengde, høgd, triks og stil, seier Holen.
- Kva triks trur du vi kan koma til å sjå i ein lokal amatørkonkurranse?
- Det blir nok ein del straighte hopp, nokre med grap, og kanskje ein backflip, 360, 540 eller til og med 720. Det kjem litt an på korleis hoppet blir.
Arrangørane håpar på gode forhold og 30-40 deltakarar i det som truleg blir første bigjumpkonkurranse i Os.
Du kan følgja planlegginga av konkurransen på Facebookgruppa til Os Snow Challange.

Kommentarer
Liker innstillingen :)
Blir sikkert alle tiders det der...
stå på!!
jeg stiller opp med en switch 7 2, om ambulanse er i betryggende nærhet !!!!!
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av Josef 03/07/2010 - 10:37