|
Kjetil Vasby Bruarøy
søndag, desember 6, 2009 - 22:30
|
I førre kamp gjekk Os på sitt første tap for sesongen. Etter mykje bom og feil enda bortekampen mot Gneist 25-23.
I dag blei det også mange tekniske feil og ein del bomskot, 39 skal vi tru trenaren.
- Vi reiste til Florø med ni mann og brukte ein omgang på å koma i gong, seier Andres Hamre.
Os låg under 11-14 til pause, men brukte berre tre minutt av andre omgang på å koma à jour.
- Vi overok føringa i det som blei ein jamn andreomgang. Kristian styrte heldigvis unggutane i forsvaret bra og Jørgen held fram med å skåra mykje. I tillegg meldte fleire andre seg på mot slutten, seier Hamre.
Florø - Os: 22-24 (14-11)
Os sitt lag (skåringar i parantes): Einar Godø, Charles Whiteley, Stian Hjertholm (5), Jørgen Wold (7), Fredrik Andresen (1), Erik Vågen (3), Kristian Bruarøy (2), Øystein Vindenes (1) og Joakim Blostrupmoen (5).
Utvisingar: Os 3x2 min, Florø 3x2 min.
