Kultur | 02. aug. 2014

Dancing in the rain!

Tre kraftige byger med regn, lyn og torden stoppar ikkje Osfest.

Dancing in the rain!
Dei kraftige bygene ser ut til å skapa ekstra god stemning på Osfest. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. aug. 2014 20:03

Bildeserie:

Pogo Pops fekk synga seg halvferdig før regnet kom. (Foto: KVB)
Pogo Pops fekk synga seg halvferdig før regnet kom. (Foto: KVB)
Skål i regnet. (Foto: KVB)
Skål i regnet. (Foto: KVB)
Jesus gjorde vatn om til vin. Kven som gjer det motsette? Kanskje varaordførarane? (Foto: KVB)
Jesus gjorde vatn om til vin. Kven som gjer det motsette? Kanskje varaordførarane? (Foto: KVB)
Green Granada fekk finare vêr. (Foto: KVB)
Green Granada fekk finare vêr. (Foto: KVB)
Os Swingklubb stilte sterkt. (Foto: KVB)
Os Swingklubb stilte sterkt. (Foto: KVB)
Granada-vokalisten tok med seg mikrofonen eit godt stykke frå scenen. (Foto: KVB)
Granada-vokalisten tok med seg mikrofonen eit godt stykke frå scenen. (Foto: KVB)
Så kom byge nummer to. (Foto: KVB)
Så kom byge nummer to. (Foto: KVB)
Og festivalområdet blei endå meir fuktig. (Lesarbilde)
Og festivalområdet blei endå meir fuktig. (Lesarbilde)
1 av 8

I 16-tida, tre timar før andre festivalkveld på Osfest starta, kom ei kraftig regnbyge over Os. Det blei ikkje den siste.

Pogo Pops fekk spela seg halvferdig før byge nummer to kom, og dei litt færre enn fredag på same tid fekk på seg regn-ponchoane i ein fart.

Det er selt godt med billettar laurdag og det er venta fleire folk enn i går.

Og allereie då andre band gjekk på scenen hadde det kome bra med folk på festivalområdet og Green Granadas, supplert med fleire frå Os Swingklubb som snurra seg i grusen, skapte ekstra god stemning.

Granada-vokalisten hoppa dessutan av scenen og tok seg ein swing medan han song.

Men så kom byge nummer tre

Meir vatn enn Os har sett i éin sleng på lang tid, truleg fleire år, rann ned over Osfest og resten av bygda.

Store mengder overvatn samla seg på vegar og fortau og det kom mykje lyn og torden.

– Det går heilt fint. Vi har ingen tekniske problem, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

Så gjekk Gina Aspenes på scenen til stormande jubel frå det kliss våte publikummet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.