Dansarar med skumle planar
Til framsyninga «Austanfor sol, vestanfor måne», som går i Oseana over helga, har dei over 100 dansarane i Os Kulturskule tømt kostymeskapet.
Bildeserie:
(Sjå trailer i ruta over. Foto: Benjamin Langeland, Flimmer Film)
Det er juni og tid for dansarane i Os Kulturskule å visa noko av det dei har lært det siste året.
I fjor var det Verbo, året før fekk vi sjå Høgt, lågt og litt sånn midtimellom.
– Denne vinteren og våren har vi henta fram eventyra. Vi har halde oss til bøkene, men byr på både nordisk og kinesisk, seier instruktør Julia Agate Erstad Bergesen.
– Her får elevane boltra seg i alt frå Bollywood til street og folkedans. Vi har eit stort lager av kostymer og mykje av det har ikkje vore i bruk på lenge. No har vi tatt alt fram, fornya noko av det, og kjem til å by på rikeleg med inntrykk.
Thea, Thea og Mari
Saman med Patricia Langeland drillar Julia over 150 elevar i alderen frå 7 år til vidaregåande skule.
– Alle speler viktige roller og elevane er både engasjerte og disiplinerte. Nokre er ferske, andre har dansa i mange år. Fleire av dei mest erfarne får det veldig travelt og er med på opptil tre eventyr.
Ei av dei travle er Mari Fosså Bunæs, som vi blant anna har sett på UKM.
– Eg skal vera med på sju dansar. Det er litt mykje å halda orden på, men eg trur det skal gå bra.
To av dei som er heilt nye dette kulturskuleåret er venninnene Thea Isabella Walle og Thea Elise Herseth. Dei går på 4. trinn ved Lunde barneskule og ser fram til si første store framsyning.
– Vi har alltid likt å dansa og synest det er spennande å gøy å øva til show, seier Thea-ene.
Framsyninga går i Oseana måndag og tysdag kveld.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.