Lokal | 26. mai 2017

Dårleg lukt i regnvêret torsdag

Lukta det gamalt boss, blåskjell eller kål utanfor huset ditt i går? Det var kanskje berre petrichor.

Dårleg lukt i regnvêret torsdag
Når det kjem regn etter ein periode med tørt, varmt vêr, kan ròtneprosessen av plen og løv gi ein ubehageleg stank. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. mai 2017 07:17

Torsdag blei det lagt ut ei melding på Facebook om dårleg lukt i Os, med spørsmål om lukten var lik andre stadar i bygda, eller i bergensområdet òg.

Det kom svar frå fleire som hadde kjent dårleg lukt, både i Lysefjorden, Oshaugen, Nore Neset og Halhjem.

Lukta blei skildra som sur mjølk, gamalt søppel, blåskjell og kål.

Same lukt i Bergen sør

Verken brannvesenet eller teknisk vakt i Os kommune har fått spørsmål om lukta, men i Bergen har Bergen Vann sendt folk ut i felten.

«Vi har hatt folk fra Bergen Vann ute i de aktuelle områdene for å undersøke dette. De sier det rett og slett skyldes løv og gress som ligger og råtner» seier Jon-Morten Jonis Graawe Forland frå Bergen kommune til BT.no torsdag kveld.

Ifølgje Store norske leksikon (SNL.no) blir lukta etter regn, som òg blir kalla lukta av jord, kalla petrichor.

«Den skyldes frigjøring av den organiske forbindelsen geosmin fra visse aktinobakterier. Den samme lukten kan også komme fra plantemateriale når det regner etter en periode med varmt og tørt vær.»

Den meir ubehagelege lukta etter regn, som vi hadde i Os og Bergen i går, kan vera etter ein liknande prosess som skjer når ein plen dør, for eksempel etter ein vinter der den har blitt kvelt av is.

«Plantene dør av oksygenmangel og drepes av giftstoffer som bakteriene i jorda lager. Lukt av tåfis er første trinn. Blir det riktig ille, stinker det som råtne egg. Det er organiske syrer og hydrogensulfid som gir denne stanken», seier ein plenforskar til Telemarksavisa i april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.