Lokal | 08. mars 2018

– De er av dei beste skulane i Hordaland

Søndag tek elevane ved Os Gymnas eit «Krafttak mot kreft». Igjen går elevane for ny rekord.

– De er av dei beste skulane i Hordaland
Lena Teigland frå Kreftforeninga orienterte elevane ved Os Gymnas om årets Krafttak mot Kreft (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 08. mars 2018 12:22

Torsdag var det kickoff for årets innsamlingsaksjon «Krafttak mot kreft» blant russen på Os Gymnas.

– Søndag frå klokka 16 vil vi gå rundt i Os med bøsser. I år har vi også fått med oss eindel elevar frå 1. og 2. klasse òg, så per no er vi 92 elevar, fortel Adrian Fimreite og Bjørn Ove Meland Tjelta i aksjonskomiteen.

Blant dei beste

Målet er klart. Elevane går for å slå fjorårets rekord på 126.724 kroner.

– Er det nokon som skal klare det, så er det doke. Os Gymnas er kanskje ein av dei skulane beste skulane i Hordaland når det gjeld Kraftak mot Kreft, fortalde Lena Teigland frå Kreftforeninga då ho presenterte årets formål.

Totalt blei det samla inn 47 millionar kroner på landsbasis i fjor. Overs 6,5 millionar av desse kom frå Hordaland.

– Langt over 80 prosent av det som blei samla inn i Hordaland, blei samla inn av skulane. Dette er dokkers aksjon.

«Eit redda liv skal også levast»

Årets aksjon fokuserer på seinskadar etter kreftbehandlinga.

– Kreftbehandlinga har kome så langt at ein klarer å drepa kreftcellene i dei fleste tilfeller. Utfordringa er at ein gjerne også drep det friske vevet og dei friske organa rundt kreftsvulsten. Forskinga jobbar med å finna meir treffsikre metoder, slik at det berre er kreften som blir drepen, men vi veit at omlag éin tredjedel av dei som blir friske av kreftbehandlinga slikt med seinskader.

– Det kan vera vanskeleg å snakka om, for ein skal jo vera glad for at ein har overlevd. Desse plagene ønskjer vi å retta fokus på, fortalde Teigland til elevane på gymnaset.

Alle kjente nokon

At kreft er noko som berører mange viste det seg då Teigland ba elevane tenkje på ein person når dei høyrde ordet kreft og reisa seg etterkvart som rollar som bestemor, far, nabo, ven, bekjent dukka opp på skjermen. Nær alle elevane reiste seg.

– Det viser at det berører oss alle, sjølv om vi ikkje blir direkte råka sjølv, poengterte Teigland.

Bøsser og vipps

I tillegg til å gi via bøssene, kan folk som ikkje får besøk, eller som ikkje har kontantar når elevane frå Os gymnas, eller Os vgs, kjem på døra i helga gje via Vipps.

– I fjor var første året kor vi hadde eigne vipps-numre for kvar skule. Det såg vi var med på å løfte resultatet skikkeleg. Tidlegare har vi berre hatt eit felles nummer og då var kanskje ikkje motivasjonen til å dela det ut like stor. No når også Vipps blir registrert direkte på skulen sitt resultat, så ser vi at elevane er enno meir ivrige, fortalde Teigland til Midtsiden etter kickoffen.

Faktaboks Krafttak mot Kreft 2018

90 nordmenn får kreft hver dag – over 32 800 hvert år. Nesten 11 000 dør. Tallenes tale er klar. Men det største tallet uteblir ofte: 263 000 – mer enn en kvart million nordmenn – lever med eller etter kreft.

  • Hvert år får flere enn 32 800 nordmenn kreft. I Hordaland rammes 3.152 personer av denne sykdommen. Det vil med andre ord si at hver dag får 90 personer en kreftdiagnose i Norge.
  • Vi blir flere og eldre. Det vil bety mer kreft. I 2030 er vi 42 000 som får kreft hvert år - omtrent 10 000 flere enn i dag
  • Mer enn en kvart million nordmenn lever med eller etter kreft.
  • Minst 1 av 3 lever med senskader av varierende grad. Senskader er helseproblemer som varer i mer enn ett år etter avsluttet behandling, eller som opptrer ett år eller mer etter avsluttet behandling.
  • Krafttak mot kreft er Kreftforeningens faste årlige bøsseaksjon
  • I årets aksjon samler vi inn penger til forskning for at færre skal få senskader og at flere skal få et godt liv etter kreftsykdommen.
  • Nær 25 000 bøssebærere vil besøke norske hjem i aksjonsukene
  • I Hordaland vil tusenvis av bøssebærere fra 42 skoler være i aksjon.
  • Vipps - Os gymnas: 45 10 22
  • Vipps - Os VGS: 45 10 68
  • Vipps - Fusa VGS: 45 10 35

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.