Sport | 28. aug. 2013

Debuterer i rally-NM

Karoline Breivik (17) går frå bilcross til rallycross. Her er bilen ho skal kjøra i Kristiansand til helga.

Debuterer i rally-NM
Karoline Breivik er klar for rally-debut i NM. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. aug. 2013 08:22

Trass i at ho stilte med mindre motor enn dei fleste i landsfinalen for ein liten månad sidan, blei det to 4. plassar og ein 2. plass, samla sett 71. plass av 129 deltakarar i landsfinalen i bilcross.

– Karoline fekk valet, prioritera større motor i landsfinalen eller leige av rallybil så ho fekk prøva seg i rally for første gong, seier coach Håvard Gåssand frå Team Karoline.

Unge Karoline valte det siste.

– Det kostar pengar og tid å halda på med bil, så det blei ein av delane. Større motor til bilcross tar vi seinare, no er det rally som gjeld.

Større motor - raskare bane

Karoline, som har kjørt bilcross sidan ho var konfirmert for to år sidan, har leigd bil av tidlegare noregsmeister Even Hvaal frå Larvik.

Sjølv om coach og bestefar Gåssand kjørte rally seinast i 2010, har ho fått inn ein ekstern instruktør.

– Gutane på Eikås blei kanskje litt paff då dei fekk høyra at eg skulle kjøra rally, og det blei ikkje betre då eg hadde med meg Andreas Bakkerud som instruktør ein dag, fortel ho.

Bakkerud, som er frå Åsane, har vore europameister to gongar.

– Det var utruleg gøy å sitja på med han og veldig lærerikt å ha han som sidemann, synest Karoline.

– Kva er forskjellen?

På spørsmål om kva som er dei største forskjellane mellom bilcross og rallycross svarer Gåssand:

– Det har med både bilane og banane å gjera. Det er andre krav til bilane og det er banar som er lagt opp til større fart, med fleire lengre strekk og andre svingar.

NM til helga er 4. av 5 NM-rundar og går på Rugelandsbanen. Kristiansand Automobil Klubb er arrangør. Det er krav om minst 35 prosent asfalt, men Rugelandsbanen har ifølgje Gåssand cirka 50/50 med asfalt og grus.

– Sjølv om det går fortare med rally så er det ofte finare og reinare kjøring. Kjørarane er meir erfarne og bilane ein god del dyrare, så det blir ikkje så mykje knuffing og småbulking som i bilcross.

I bilcross går rangeringa på poeng, der vinnar av kvart heat får 10 poeng uansett tid i forhold til dei andre heata.

– I rallycross går det kun på tid. Om du vinn eit heat kan det godt henda at fleire konkurrentar i andre heat kjører fortare enn deg og blir rangert høgare før finale, forklarar Håvard.

Litt ombygging

Ved sidan av øving på Eikås har tda fram mot NM gått med til mekking i Gåssand sin verkstad i Kolskogen.

– Bilen har tidlegare vore brukt til asfaltrace og kjøring på is, ikkje til rallycross, så det er enkelte krav som må tilfredsstillast.

Gåssand har blant anna fjerna bensintanken under bilen og montert ny inne i bagasjerommet.

Bilen er ein Peugeot 205 på oppunder 1,6 liter, med cirka 160-170 hestekrefter.

Skal snart ta kjøretimar

Medan Karoline, som fyller 18 år i januar, no skal debutera i rallycross, har ho ikkje kome langt i førebuingane til førarkortet.

– Eg har tatt trafikalt grunnkurs, men har ikkje kome i gang med kjøretimar, ler ho.

– Men eg får vel snart byrja, det er ikkje lenge til januar.

Men først står altså NM for tur, med avreise til Kristiansand fredag, to innleiande rundar laurdag, ein siste innleiande runde søndag, og så blir det kanskje finale.

Karoline deltar i juniorklassen saman med 8-10 andre unge rallycrosskjørarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.