Madelen Koldal Holme med landslagstrøya på før to kampar mot Sverige på Hamar denne veka. (Privat foto)

Debuterte med to kampar mot Sverige

No har landslagsspelar Madelen Koldal Holme (15) også signert med ein Toppserie-klubb.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det store fotballtalentet Madelen Koldal Holme frå Lysekloster blei for to veker sidan tatt ut i troppen til Norge J15 sine to første landskampar nokosinne.

Kampane, begge mot Sverige, gjekk tysdag og torsdag på Hamar og enda med 2-1-siger til Norge i første oppgjer og 0-0 i andre.

– Vi burde ha vunne den andre òg. Vi pressa dei hardt, bomma på straffe og eg hadde sjølv ein kjempesjanse, men rakk akkurat ikkje fram på eit godt innlegg heilt på slutten av kampen, fortel Madelen.

Toppskåraren på landslagssamlinga på forsommaren var nest sist på ballen då ho tok hjørnesparket som førte til 1-0-skåring i den første kampen.

– Det var stort å ta på seg landslagstrøya og eg blei rørt då vi fekk innmarsj saman med sjarmerande, unge maskotar.

Spelte begge kampane

Madelen spelte den første kampen frå start og fekk 57 av 80 minutt. I den andre kampen kom ho innpå i 56. minutt.

– Eg er nøgd med speletida, og var i veldig god form på treningsøktene før kamp. Men eg har hatt noko influensaliknande som har hengt igjen etter Norway Cup-finalen, og var ikkje heilt på topp i dei to kampane.

– Eg merka at eg mangla litt energi, og no når eg kom heim blei eg sjuk og heime frå skulen, sa Madelen til Midtsiden fredag.

Neste kampar for Norge J15 er mot Belgia i november.

• Sjå fotball.no si samleside for J15-landslaget.

Signerte med Sandviken

Til no denne sesongen har Madelen trent og spelt med eitt år eldre gutar på Lysekloster/Nore Neset 1.

Samtidig har ho det siste halvanna året hospitert med toppserieklubben Sandviken.

Onsdag i førre veke, 30. august, signerte ho med Sandviken.

– Eg har likt meg veldig bra med gutane og trenarane til gutelaget, og kjem til å halda fram med å trena med dei to dagar i veka, for ikkje å reisa så mykje til by'n. Men eg gler meg òg veldig til å spela med Sandviken 2, kanskje får eg òg debutera i Toppserien i løpet av hausten.

Det største '02-talentet i Hordaland

I førre veke var Madelen på BT si topp 10-liste over dei største fotballtalenta i Hordaland.

Madelen (fødd i 2002) står på 4. plass, med berre eldre jenter framfor seg, eitt år yngre Malin Ludvigsen frå Nore Neset er på 9. plass mens Vilde Drange Veglo (2002) frå Os Fotball er nemnt som ein av dei som nesten var med på topp 10.

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.