Deepsea Atlantic då den låg mellom Os, Fusa og Tysnes sommaren 2009. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Deepsea Atlantic til Os igjen

Rekordriggen låg seks veker i Bjørnafjorden i 2009. I morgon kjem han tilbake for eit pitstop utanfor Ervikane.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Deepsea Atlantic, ein av verdas største og mest effektive boreriggar, var Odfjell sin første nye rigg på 27 år då han kom frå verftet i Sør-Korea til Os 22. juni 2009. Her låg riggen i seks veker og testa utstyr før han gjekk på kontrakt for Statoil på Gullfaks-feltet.

• Bildeserie og intervju: Om bord på Deepsea Atlantic

– No kjem vi tilbake der det starta sommaren 2009, seglande frå Johan Sverdrup-feltet og inn Sletta ved Røver og går leia nordover Langenuen, fortel skipper Kåre Kvalvaag frå Søre Øyane i Os.

Riggen kjem denne veka, kanskje allereie tysdag. Den tar ein pitstop utanfor Moldvikane på Strøno, mellom Ervikane/Alholmen og Sundøytangen på Røtinga.

– Vi blir her eit par dagar før vi skal ut Korsfjorden og vidare til boring på Vikingbanken (Tune-feltet ved Oseberg), opplyser Kvalvaag.

– Også denne gongen blir et oppdrag på lokale firma. Vi har hyra inn Samba AS for litt assistanse.

• Les òg: Takka for seg

Rekordrask forboring

Deepsea Atlantic er nesten ferdig på Sverdrup-feltet etter rekordrask forboring. Statoil hadde budsjettert med 36 månadar, men Deepsea Atlantic var ferdig på 21-22 månadar.

– No ønskjer Statoil å nytta riggen på Vikingbanken. I samband med dette må vi bygga litt om på BOP-en, og går innaskjers for å ta nokre vêrsensitive løft.

– Vi vil òg nytta dei stille forholda til å skifta ut nokre ankeliner og til enkelte logistikkmessige aktivitetar.

Hald avstand!

Riggen blir synleg frå Ervikane og Røtinga. Om du ikkje har tatt båten på land, og vil ut og sjå, ber Kvalvaag deg om å vera varsam og å halda avstand.

– Vi vil ha 2-3 ankerhandteringsfartøy rundt oss for å skifta kjettingar, i tillegg kjem nokre forsyningsfartøy.

– Skodelystne bør halda godt klar av riggen og passa på at dei ikkje set seg sjølv i fare ved å koma i konflikt med «tungtrafikken» rundt riggen.

Mellom riggen og ankerhandteringsbåtane vil det i periodar vera kjetting eller wire, som er under vatn, men som kan koma heilt i overflata når dei er stramme.

120 meter høg

Til saman har riggen 66.000 hestekrefter og ruvar 120 meter over havskorpa.

Dekket på 7.250 kvadratmeter gjer Deepsea Atlantic til ein rekordrigg. Dem kan bora på 3000 meters djupne, 11.000 meter frå riggen.

Deepsea Atlantic seglar inn frå Nordsjøen, og vil ligga på DP, for eiga maskin.

Om Deepsea Atlantic
Eigar: Odfjell Invest Ltd.
Verft: DSME (Sør-Korea)
Byggetid: Cirka 32 månadar
Ferdigstilt: 6. februar 2009
Motorstyrke: Totalt 66.000 hestekrefter frå Wärtsila
Til bygginga gjekk det med 20.000 tonn stål, 900.000 meter med kablar og 465.000 liter maling.