Sport | 21. feb. 2015

– Dei blir betre for kvar kamp

El Fakiri er nøgd etter at Os i dag spelte uavgjort mot 2. divisjonslaget Fyllingsdalen på bortebane.

– Dei blir betre for kvar kamp
Sander Kvittingen (t.v.) og Adrian Valle då dei i fjor slo Minde 12-0 med Os 2. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. feb. 2015 18:34

A-lagsleiinga til Os sit nok med gode notatar etter dei tre første treningskampane i vinter, både mot Odda (2. div), Sotra og Nest-Sotra (1. div) har Os vore god fram til pause.

Os har bestilt god motstand denne vinteren, og alle dei tre første treningskampane enda med tap.

Men i dag spelte Os ein sterk treningskamp mot Fyllingsdalen på Varden.

Fyllingsdalen - Os 1-1 (0-1)
Målskårar, Os: Sander Kvittingen

Os tok leiinga på eit flott angrep der Sander sette ballen inn til 0-1 før pause.

Fyllingsdalen utlikna cirka eit kvarter ut i 2. omgang.

– Klarer oss veldig bra

– I dag var vi gode! Vi kunne fint ha vunne denne, meiner eg, seier trenar Hassan El Fakiri.

Fyllingsdalen kom på 11. plass av 14 lag i Oddsenligaen avdeling 3 i fjor, og slo blant anna Fana 2-1 og Åsane, som rykte opp til 1. divisjon, heile 4-0.

– Vi lærer og vi blir betre og betre på det vi øver på, det ser vi frå kamp til kamp. Sjølvsagt gjer vi nokre feil innimellom, men eg er nøgd med det dei presterte i dag.

Kamp om plassane

Os stilte med to førsteårsjuniorar (Færvøvik og Haga) frå start og spedde utover i kampen blant anna på med to sisteårsjuniorar (Ljosheim og Hevrøy), som debuterte for A-laget.

– Dei får det nok travelt med å bli friske, dei vi har som er sjuke eller skadd, så bra som ungdomen gjer det, seier assistenttrenar Ørjan Håland.

Keeper Frode Øvredal, midtstopparane Børge Borgen og Emilis Zilinskas og spissen Christer Olsen er blant dei som er ute med skade eller sjukdom.

Os (4-3-3): Kasper Færøvik - Stian Bakke, Torkel Hjertnes, Knut Spangelo Haga, Glenn Krossøy - Erik Kanestrøm, Marius Mikkelsen, Kristoffer Østervold - Adrian Valle, Aksel Skaar og Sander Kvittingen.

Innbytarar med speletid: Håkon Kvittingen, Emil Halver, Mats Lepsøy, Aleksander Lindkvist, Steffen Ljosheim og Kristoffer Hevrøy.

Os sin neste treningskamp går i Vestlandshallen mot Fana, som kom på 9. plass i Oddsenligaen avdeling 3 i fjor. Dette er Os sin siste treningskamp før dei reiser på leir i Kypros 14. - 22. mars.

Første kvalikrunde til NM skal spelast innan 25. mars. Os møter NHH frå 4. divisjon i første runde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.