Kultur | 14. mars 2018

– Dei fortener eit større publikum

I fjor gjekk Majorleap på scenen klokka 17.30, i år kjem dei til Osfest med nytt materiale, seinare på kvelden.

– Dei fortener eit større publikum
Majordleap skapte stemning til dei få som hadde kome seg til Osfest-området klokka 17.30 laurdagen i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. mars 2018 09:02

Bildeserie:

Bård Leite. (Foto: KVB)
Bård Leite. (Foto: KVB)
Majorleap. (Pressefoto)
Majorleap. (Pressefoto)
1 av 2
Bård Leite. (Foto: KVB)
Majorleap. (Pressefoto)

«Det sto færre enn fem på grusen då Majorleap entra scenen, men bandet frå Osterøy viste både profesjonalitet og godt humør, spelte som om det var fullt hus og lokka 70-100 gjestar til området før det var Mighty Magnolias sin tur» skreiv vi etter Osfest-laurdagen i fjor.

• Sjå folkevandringa: Sånn forandra Osfest seg på éin time

– Dei leverte varene i fjor og dei har nytt, spennande materiale på gang. Dei fortener å spela for eit større publikum på Os, meiner festivalsjef Tor Egil Hylland.

I 2017 kom dei kritikarroste debutantane på scenen klokka 17.30 laurdagen. I år kjem dei tilbake for å spela rett før Stavangerkameratene, som skal på scenen klokka 21 fredag 10. august.

Fem av fem stjerner

Majorleap består av Bård Leite (vokal og gitar), Kjetil Hekland (gitar, synt og vokal), Dag-Erlend Torp (bass), Martin Borge (gitar) og Lars Inge Torp (trommer).

Frontfigur Bård er onkelen til Vegard Leite, som var mykje i Os då han i 2011 kom på 2. plass i Idol. Eldste Leite har du kanskje sett på TV då han deltok i The Voice.

Majorleap fekk fem av fem stjerner av Gaffa for debut-minialbumet (seks låtar) i februar i fjor:

«Skal du bare høre én plate fra Bergen i år, så bør du velge deg Majorleaps imponerende debutplate The Idealist uten å se deg tilbake» skriv musikkmagasinet.

Firdaposten gav terningkast 4 og skriv at «det er blitt ei plate godt over gjennomsnittet, kanskje mest ein litt kort smakebit på ting som kjem».

Ny singel førre månad

Majorleap lover å stilla med nye låtar og eit endå feitare sceneshow i år. Bandet har nyleg vore i studio og spelt inn nytt materiale.

Singelen «Stadium Portrait» blei sleppt elektronisk 16. februar i år, gjennom plateselskapet Ghost Town AS.

Stadium Portrait har blitt lista på NRK P1, Ordentlig Radio, KCSS Turlock i California, spelt på P3 og plukka ut av «Listen Hear Music» som ein av 8 låtar world wide i kategorien «fresh new world indie».

Programmet er nesten komplett

Før dei to-tre siste namna blir sleppt ser programmet for Osfest 2018 sånn ut.

FREDAG 10. AUGUST
TBA
Majorleap
Stavangerkameratene
Madcon
Ammunition

LAURDAG 11. AUGUST
Endre Nordvik
Tone Damli
Staut
Morten Abel
TBA

– Første namn fredag og siste namn laurdag blir sleppt over påske. Det er kanskje rom for eitt band til på laurdagen, før Endre Nordvik, men det er ikkje bestemt om vi startar så tidleg denne dagen, seier Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.