Lokal | 14. aug. 2014

– Dei har vist eit enormt engasjement!

«Nye» Kuventræ barneskule er klar til skulestart. – Eg er imponert over den innsatsen alle involverte har vist, seier ordførar Terje Søviknes.

– Dei har vist eit enormt engasjement!
Tilbygget på Kuventræ skule i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 14. aug. 2014 19:16

I tolvte time, på kommunestyremøtet i desember, fatta politikarane vedtak om at dei skulle bygga ut Kuventræ barneskule for ta hand om den elev-veksten som ville koma frå hausten 2014.

Skisser og planar på korleis det skulle gjerast, fanst knapt.

– I dag, torsdag, skreiv byggesaksavdelinga ut midlertidig bruksløyve for den nye delen av Kuventræ skule.

Les òg: Hastebygging i ferietempo

– Det betyr at vi på måndag er klare til å ta imot elevane på skulen og slepp å bruka midlertidige løysingar.

– Eg er imponert og har lyst å rosa alle som har vore involvert, seier ein tydeleg stolt og nøgd ordførar, Terje Søviknes (Frp).

Utfordrande

Prosjektet har vore eit av dei mest utfordrane prosjekta kommunen har gjennomført i nyare tid.

Ikkje berre hadde dei i utgangspunktet dårleg tid, men då det viste seg at anboda som kom inn var mykje høgare enn antatt, blei prosjektet yttarlegare forseinka.

Først tysdag 18. mars i år løyvde formannskapet 5,5 millionar ekstra og byggearbeidet kunne halda fram.

– Likevel har dei involverte partane klart å nå det hårete målet kommunestyret sette om at tilbygget skulle vera klar til skulestart.

– Eg vil takka prosjektavdelinga med Tor Inge Døsen i spissen, dei tilsette på skulen med rektor Olav Røttingen og, ikkje minst, alle handverkarane som har vore involvert.

– Den innsatsen dei har lagt ned for å koma i mål vitnar om eit imponerande engasjement frå alle partar.

Utvidinga omfattar fire nye klasserom med tilhøyrande grupperom, garderobar, toalett og fellesareal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.