Lokal | 26. mars 2018

– Dei kunne framleis informert betre

Støtte til Osfest: Nøttseter kjenner seg ikkje igjen i kritikken frå Hylland. Festivalsjefen oppsummerer år for år med tal.

– Dei kunne framleis informert betre
Frå laurdagen under Osfest 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. mars 2018 06:49

Tysdag vedtok Os formannskap i gje 250.000 kroner i støtte til årets Osfest, arrangert av det nye firmaet Konsert og Festivaldrift AS, eit dotterfirma av Os Live AS.

– Ei heilt naturleg nedtrapping, seier festivalsjef Tor Egil Hylland, trass i at han ikkje fekk akkurat det han hadde søkt om.

Laurdag kveld, i forkant av møtet, kom formannskapsmedlem Nils-Anders Nøttseter (MDG) med eit lesarinnlegg der han stilte seg kritisk til å støtta festivalen.

Osfest-leiinga blei varsla med det same innlegget blei publisert, men hadde ikkje fått lese gjennom dette på førehand. Det ber vi om orsak for. Vi kontakta Nøttseter, både for å bli samde om ein kort sensur, og for å høyra om han følte seg trygg på at han hadde danna seg eit rett bilde av saka.

Måndag formiddag, dagen før møtet i formannskapet, publiserte vi svar frå Hylland etter samtalar søndag ettermiddag. Festivalsjefen rakk ikkje å forma eit lesarbrev, men svarte på kritikken i eit intervju. Nøttseter fekk ikkje, slik som er vanleg presseskikk, koma med samtidig imøtegåing av Hylland sin kritikk. Begge fekk snakka kvar for seg - men er ikkje heilt ferdigsnakka.

– Utidig kritikk

Hylland hevda at Nøttseter sitt lesarinnlegg i stor grad består av faktafeil og misforståingar.

– Det kjem ikkje fram så mykje ny informasjon i saka, anna enn at Hylland meiner at mat og drikke på festival er risikabel business og at Os Live AS har fire eigarar, noko eg ikkje kunne veta fordi Brønnøysund ikkje er oppdatert på dette enno, svarer Nøttseter.

– At aksjonærregisteret blir oppdatert i mai, for oss og andre, bør vera kjent for ein som har søkt og lese så mykje som Nøttseter. Når han ser viktighet av å trekkja dette fram, bør han òg vera trygg på at informasjonen er rett. Han veit godt at det er nytt styre i selskapet, at det har vore fleire endringar etter at førre Osfest-medeigar ville ut, burde det òg vera naturleg for han å tru at det er nye eigarstrukturar på gang, meiner Hylland.

– Han kritiserer meg for å vere ein uinformert politikar. I tillegg til at han seier eg er detaljert, samstundes som eg ikkje har sett meg inn i ting. No er det jo nettopp dette som er problemet! I årevis har eg ettertrykkeleg etterspurt skikkelig informasjon når kommunen skal dela ut så mykje pengar, seier Nøttseter.

– Eg syns de er utidig å kome med kritikk for at eg i stor grad feilinformerer, utan samstundes å vere konkret på kva desse feila består i.

Festivalsjefen meiner Midtsiden kunne presentert sitata meir oversikteleg, punkt for punkt.

– Det verste er måten Nøttseter framstiller saka, eg opplevde det som at han dannar eit feil bilde av prosessane rundt konkursen og oppretting av nye selskap, summen av innlegget blir litt dramatisert, som om det er grunn til å mistenka både metode og motiv.

– Eg føler samtidig eg, i intervjuet, var konkret på fleire punkt, både i måten eg forklarte selskapsstruktur og non profit, om korleis vi har jobba for at kreditorane etter Osfest 2016 har fått meir enn dei elles ville fått, og om korleis vi vil driva dette med lågast mogleg risiko i framtida.

– Det motsette av å trampa på kulturlivet

Ein annan karakteristikk Nøttseter ikkje set pris på, var den som handlar om at han med kritikk mot Osfest sin søknad trør på lokalt kulturliv.

– Det skulle berre mangla at vi som skal behandla søknaden ber om god dokumentasjon, spesielt når nokon søkjer om å få ein tredel av pengane som skal delast ut.

– Osfest er ikkje den einaste kulturaktør i kommunen. Ovanfor resten av det rike og levande kulturlivet skuldar vi å gjera ein grundig prosess. Det er fleire små aktørar, mange av dei aktive året gjennom, for fleire aldersgrupper, som fortel om langt tøffare konkurranse om sponsorkroner etter at gigantane Osfest og Oseana kom.

– Ved blindt å dela ut store summar med offentlege kroner til dei store, ville vi verkeleg ha trampa på kulturlivet.

– Ikkje bygdesladder

Nøttseter avviser at innlegget hans kan reknast som sladder.

– Eg har gjennom mitt virke som politikar tilstreba å halda eit tydeleg skilje mellom bygdesladder og sakleg framlegging av argument, så eg reagerer på karakteristikken til Hylland som går på min integritet. Du skal leita lenge etter folk som har prøvd hardare å finne fakta i denne saka enn meg.

Han legg til at det er mogleg at måten Osfest no skal arrangerast på er ein ryddig måte å gjera det på.

– Men Hylland har ikkje klart å forklara det på ein ryddig måte til det politiske miljøet. Det er ansvaret han har når han ber om meir pengar frå formannskapet.

Festivalsjefen seier at han føler at han var tydeleg nok i søknaden.

– Om politikarane hadde spørsmål kunne dei tatt kontakt og fått svar, eller eg kunne kome i møtet og forklart, slik eg gjorde i fjor. Eg synest dette er ein betre veg å gå enn å skriva lesarinnlegg. Det er mogleg at eg kunne vore endå meir detaljert, konkurs og nye selskap kan vera vanskeleg å få orden på. Men eg føler ikkje at vi fortener å bli mistenkeleggjorte, svarer Hylland.

Så ramsar Hylland opp historikken i kronologisk rekkefølgje:

2014: Osfest AS arrengerer sin første festival. Billettsalet var på 1.533.000 inklusiv arrangementet på Peppes i juni. Mat og drikke kom på 528.000. Festivalen gjekk rekneskapsmessig med eit lite underskot samla sett det året.

– Festivalen sa då dei starta opp var at dei skulle bruka tre år på å bygga seg opp, med stønad frå kommunen i dei tre oppstartsåra. Det har gått meir enn tre år. Og i år, som i fjor, søker dei ikkje berre om svært mykje pengar, men også om å få fast plass på kommunebudsjettet med ein halv million i særtilskot årleg.

2015: Osfest blei arrangert for andre gong. Festivalen blei ein suksess, også økonomisk. Det blei selt billettar for cirka 2,5 millionar kroner og mat og drikke for rundt 1 million.

2016: Marcus og Martinus på dagtid blei ein publikumssuksess, men òg ein stor kostnad. På kveldstid fredag og laurdag var det greit billettsal, på 1,9 millionar kroner, men dårlege besøkstal og tilhøyrande svakt sal av mat og drikke. Her blei omsetnaden på under 700.000 kroner. Nokre veker etter festivalen gjekk leiinga ut og fortalte om underskotet, og at dei ville i dialog med leverandørane.

– Så og seia alle musikarane hadde fått betalt på førehand, sånn har det vore kvart år. Støtta frå Os kommune har gått uavkorta til honorar til musikarane ved kvar einaste festival. Stønaden frå Os kommune har dekka 5-8 % av utgiftene til festivalen.

– Eg kunne rømt frå ansvaret og slått selskapet konkurs. Då ville leverandørane sete igjen med kanskje berre 10-12 prosent, mesteparten ville gått med som kostnaden til bubehandling. I staden fekk alle minst 50 prosent av det som var uoppgjort etter festivalen. Fleire hadde fått betalt alt eller delar av beløpet før festivalen. Desse 50 prosentane fekk dei med éin gong, før rekninga var gått til inkasso, og alle blei behandla likt.

– Å oppretta Os Live AS var for at dette skulle stå for frittståande arrangement, som vesle nyttårsaftan og Vognhallen, der vi skal i juni i år. Vi ville ikkje risikera å laga denne konserten med Osfest AS, å risikera å dra på oss endå meir gjeld.

Os Live har både arrangert konserten på Nore Neset vesle nyttårsaftan 2016 og 2017, og sto for sal av mat og drikke på Osfest 2017 (som blei arrangert av Osfest AS).

– Å seia at vi arrangerte nyttårsfest med overskot på tampen av 2016, mens kreditorane sat og venta på pengar, er ikkje rett. Kreditorane sat ikkje å venta, vi hadde avtale om betaling 1. november 2017. Overskotet var på under 20.000 i pluss, ikkje ei formue, men ein liten siger at ikkje vi hamna skeivt ut med Os Live òg.

2017: Festivalen gjekk betre enn i 2016, og blei nest beste på servering med omsetnad på 864.000 i mat og drikke. Omsetnaden av billettar var på 1.525.000 kroner.

Os Live AS overførte som lån 627.000 kroner til Osfest AS i haust, før konkursen, så alle skulle få betalt etter fjorårets festival. Det var ikkje overskot nok til at restbeløpa frå 2016 kunne betalast.

– Vi ønskte ikkje å slå Osfest AS konkurs, men ifølgje avtalen med kreditorane etter 2016-festivalen skulle rekningane gjerast opp 1. november 2017. Det var det ikkje pengar til, trass overføringar frå Os Live AS. Vi ba om assistanse frå advokat, og han sa at det ville det vera ulovleg å driva noko særleg lengre enn til 1. november 2017. Det var ikkje tema å spørsja kommunen om pengar. Vi hadde allereie jobba i over eit år med å løysa saka, og såg ikkje nokon utveg. Tidlegare hadde vi spurd kreditorane om å venta nok eit år, 40 prosent sa ja, nokre få sa nei, nokre hadde kreditert den eller ført kravet som tapt, andre svarte ikkje. Vi fire eigarane av Os Live AS har skote inn pengar privat, men i Os Live, som altså var klart største kreditor. Vi var tvungen til å begjæra oppbod, eventuelt å venta til ein eller annan tok kostnaden (50.000 kroner) med å slå oss konkurs.

Krav meldt i buet var på berre 51.238 kroner, fordelt på fem kreditorar. Os Live hadde ikkje meldt sitt krav i buet.

– Eg har jobba dag og natt etter 2016-festivalen for at flest mogleg skulle få mest mogleg av det festivalen skulda. Mange andre som går konkurs kjem med bilag i ein plastpose, vi har hatt stålkontroll. Nøttseter undrast over kva «fagfolk» eg refererer til, dette er naturlegvis rekneskapsførar, revisor, bustyrar og advokat.

– Vi har gjort alt så ryddig som mogleg. No ser vi fram til Osfest 2018, seier Tor Egil Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.