Lokal | 24. jan. 2018

Dei mest populære namna

Sofie og Jakob toppa namnestatistikken i 2017. Sjå topp ti-listene her.

Dei mest populære namna
Dei mest populære namna rundt i landet (ill. SSB)
Andris Hamreonsdag 24. jan. 2018 08:14

Sofie og Jakob toppar namnestatistikken for i fjor syner ei oversikt frå SSB.

– Både Sofie og Jakob har ein klassisk popularitetsutvikling for namn, seier seniorrådgjevar Jørgen Ouren, som har ansvaret for namnestatistikken hos SSB.

Var nesten vekke

Ouren fortel at Sofie og Jakob var svært populære namna rundt år 1900, før dei gjekk nesten heilt ut av bruk, for så å kome langsom tilbake.

– Det går omlag 120 år mellom popularitetstoppane, noko fjorårets mest populære namn er eit skuleeksempel på.

– Sofie har vore på topp-5 i Noreg sidan 2009, men kom først heilt på topp i fjor, fortel Ouren i ei pressemelding.

Sofie er eit gresk namn som tyder visdom. Namnet er kjend i Noreg sidan 1600-talet. Sidan Sofie og Sofia uttalast forskjellig skillast dei i namnestatistikken, men Sofie og Sophie tel som same namn.

Eit typisk bibelnamn

Gutennamnet Jakob/Jacob er eit hebraisk namn av ukjend opphav, kjend i Noreg sidan 1300-talet.

– Gutenamn er meir robuste enn jentenamn grunna oppkalling, forklarar Ouren.

– Jakob er eit typisk bibelnamn. Når også neste gutenamn på lista, Lucas, er bibelsk, ser vi at bølgen med bibelske gutenamn ikkje er over. Både i Sverige og Danmark var Jakob på sitt mest populære på 1990-talet.

Dei ti mest populære jentenamna

1. Sofie/Sophie
2. Nora
3. Emma
4. Sara
5. Ella
6. Olivia
7. Maja
8. Emilie
9. Sofia/Sophia
10. Ingrid

Dei ti mest populære gutenamna

1. Jakob/Jacob
2. Lucas/Lukas
3. Emil
4. Oskar
5. Oliver
6. William
7. Filip/Fillip/Philip
8. Noah
9. Elias
10. Isak

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.