Lokal | 24. apr. 2018

Dei tre siste er i gang

Os hamn • I løpet av sommaren skal dei tre siste bølgjedemparane på plass.

Dei tre siste er i gang
I løpet av sommaren skal dei tre siste bølgjedemparane bli levert og montert (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 24. apr. 2018 09:41

Då plan- og bygningsutvalet hadde sitt møte i førre veke nytta Terje Sperrevik (TvS) høve til å spørja om status for bølgjebrytarane.

– Det var kontraktsmøte i Tallin i går, så dei er snart bestilt, svara kommunalsjef Aina Tjosås.

Har funne fram stålet

Prosjektsjef Halvor Hanevik stadfestar at dei har vore i Tallin og hatt møte med verftet.

– Os kommune har stadfesta at vi går vidare med opsjonen og at verftet kan starta arbeidet med å byggje tre nye bølgjedemparar.

– Vi hadde eit positivt oppstartsmøte og har lagt ein framdriftsplan.

– Er verftet i gang med arbeidet?

– Dei har i allefall funne fram stålet og har kapasitet, men om dei faktisk har byrja sveise enno er eg ikkje sikker på.

– Vi har lagt ein framdriftsplan kor vi forventar levering i løpet av sommaren, fortel Hanevik.

Ønskjer alle tre samstundes

Hanevik fortel at dei i utgangspunktet ønskjer å få levert alle tre bølgjedemparane samstundes.

– Om det lar seg gjera har litt med shippingen å gjera. Det er ikkje sikkert det er plass til alle tre på same båt, men i så fall blir den siste levert kort tid etter dei to andre.

– Alle tre skal ferdigstillast samstundes frå verftet, avsluttar prosjektsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.