Sport | 22. jan. 2014

– Deilig siger

Søre Neset slo Fotlandsvåg 3-2. – Dei er ganske like som oss og det er det verste å spele mot, seier Morten Erikssen.

– Deilig siger
Søre Neset-jentene kunne jubla for to nye poeng onsdag kveld (arkivfoto: Wim Hetland)
Andris Hamreonsdag 22. jan. 2014 14:15

Volleyballjentene til Søre Neset reiste onsdag kveld til Osterøy for å møta Fotlandsvåg. Det blei ein jamn match.

– Vi vinn hårfint 3-2, fortel trenar Morten Erikssen etter setta 25-23, 15-25, 16-25, 25-23 og 4-15.

Festleg batalje

Fotlandvåg og Søre Neset har ganske lik spelestil, noko som bidrog til å gjera kampen så jamn.

– Dei andre laga har gjerne meir ekstreme ferdigheitar, som vi er gode til å forsvara oss mot.

– Fotlandvåg var meir lik oss sjølv. Berre i første settet talte eg sju dippar, der dei legg ballen forsiktig i lukene mellom våre spelarar.

– Det er lag av denne typen vi slit mest med, forklarar Erikssen.

Sto fram

Det første settet blei prega av at dei to laga ikkje har spelt mot kvarandre.

– Då er det litt føle og ta på kvarandre.

– Dei to neste har vi god kontroll på, men i fjerde settet byrjar vi å rota det litt til og må sjå oss slått 25-23.

– Før det femte og avgjerande settet sa eg til jentene at no var det berre å gje 120%. Vi såg at motstandarane var slitne.

– Rebekka Bjørnarøy og Johanne Hoel tok verkeleg ansvar og leia jentene til ein solid settsiger.

– Dette smakte vannvittig godt. Det artige er at det faktisk var ein av dei beste kampane våre i år. Eg er veldig nøgd med jentene. Alle sto opp, avsluttar Morten Erikssen.

Neste kamp blir avgjerande for om Søre Neset held seg i toppen. Då ventar Nyborg som dei kjempar om den viktige andre plassen med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.