Lokal | 25. nov. 2015

Delar vassrekninga i fire

Frå neste år får du lågare vatn- og avlaupsrekning kvar gong du skal betala, men til gjengjeld må du betala dobbelt så mange gongar.

Delar vassrekninga i fire
Teknisk sjef Marianne Kramer orienterte om at dei ville gå over frå to til fire terminar på V/A-gebyra (foto: AH)
Andris Hamreonsdag 25. nov. 2015 15:06

Tenesteutvalet vedtok onsdag samrøystes å godkjenna at teknisk eining frå og med neste år sendar ut rekningar for vatn- og avlaup fire gongar i året, i staden for to, slik som dei gjer no.

For 2016 har rådmannen i avgiftsbudsjettet gjort framlegg om ei auke på 10% på kloakkavgifta, medan vassgebyret blir uendra frå 2016.

– Vi har berre éin person på teknisk drift som tek seg av utsending av desse gebyra, og vi tenkte i utgangspunktet at det vil medføra mykje ekstra administrasjon å skulla auke dette frå to til fire i året. Samstundes ser vi at vi får veldig mange telefonar etter at gebyr blir sendt ut. Ein del av dei går på klager på høg sum på fakturaen og nokre med spørsmål om å få dela den opp, noko vi i som regel etterkjem.

– Etter å ha sjekka med leverandørane vi nyttar, har vi kome fram til at vi kanskje kan få litt færre henvendelsar om vi aukar til fire gongar i året sidan beløpet innbyggarane skal betala kvar gong blir mindre og slik sett lettare å handtera. Samstundes trur vi ikkje den auka frekvensen vil kreva så mykje ekstra arbeid, innleia teknisk sjef Marianne Kramer.

– Bruk autotrekk

Eirik André Hesthamar (Frp) lurte på om dei hadde rekna på kor mange færre henvendelser ein trur vil koma og kva auka portoutgifter vil koma på.

– Nei, det har vi ikkje, men vi ser at vi har veldig mange henvendelsar rundt faktureringstidspunktet. Vi brukar mykje tid i tida etter fakturering på å svara på telefon, e-post og å kontrollera fakturagrunnlaget.

– Erfaringar frå andre steder syner at dette jevnast ut når publikum får lågare reikningar. Det gjer dei lettare å handtere for folk. Når det gjeld portokostnader så har eg ikkje rekna på det, men eg vil nytta høve til å oppfordra til at folk teiknar avtale om autotrekk i nettbanken sin når dei får rekninga neste gong. Det vil gjera det enklare både for oss og for kundane, svara Kramer.

Slik blir gebyret rekna ut

Vatn- og avlaup er eit sjølvkost-område, kor avgiftene skal dekka investeringar (til dømes OHARA) og drift. Os kommune vedtok ein ny gebyrstruktur for vatn og avløp i 2012. Årsgebyret er delt opp i eit abonnementsgebyr og eit forbruksgebyr.

Abonnementsgebyret er ein fast sum som er lik for alle bustader og fritidsbustader. Forbruksgebyret skal vera basert på målt eller stipulert forbruk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.