Delt førsteplass i årets Burger Run
Denne kameratgjengen går seks timar i fjellet for øl og burger.
Bildeserie:
Det starta med to kollegaer frå Os pendla til og frå Laksevåg på jobb, og byrja å sjå på fjella mellom Røykenes og Os sentrum.
– Vi bestemte oss for å gå i fjella frå Os sentrum til kommunegrensa. Målet med turen var sjølvsagt ein burger på Er-An Veikro.
Eirik Walle og Baard Brattebø fekk med seg tre kameratar. Året etter, i 2016, var dei seks gutar på tur, på laurdagens BurgerRun 2017 var dei tolv.
5-6 timar i fjellet
Turen startar hos Eirik sine foreldre i Postvegen og går vidare til toppen av Borgafjellet (353 moh) og over Møsnuken (639 moh).
Så held dei fram ned Stokkedalen og tørrskodd over til Hatlelia, mellom Gåssandvatnet og Ytste Raudlivatnet.
– Det første året gjekk vi ut gjennom terrenget langs Gåssandvegen, i fjor og i år tok vi turen oppom Nordhordlandskulten (389 moh) og gjekk ned til Tømmernes, fortel Nils Petter Eidem.
Gutane bruker 5-6 timar på turen, med pausar, og er veldig klare for middag når dei kjem fram.
Fin prat og god utsikt
– Praten går i eitt på turen, det er 18 kilometer med skitpreik, enkelte meir pratsame enn andre. Så lenge eg som går i front har ein pratsam kar lengst bak, så veit eg at så lenge eg høyrer han så er alle med, legg han til, utan å nemna namn på Per Henrik Lunde Bruarøy.
– Han var stille éin gong, og det var då vi såg dyr. Det var visst ei røy som letta.
Turen frå Nordhordlanskulten til Tømmernes går over Sælefjellet.
– Stiane ser lite brukte ut i dette området, men er relativt lette å finna. Sælefjellet har kanskje den finaste utsikta som er over Os, og er lett å gå frå Tømmernes. Eg har inntrykk av at mange ikkje veit om eller er kjent med dette fine fjellet, seier Eidem.
Presis servering
Kameratgjengen inviterer og aser opp stemninga via Facebook i fleire veker før start. Dei passar på å informera restauranten om datoen, men veit ikkje kor mange dei er før turen startar.
– Vi har ei ordning der vi melder frå når vi startar, kor mange vi er. Når vi nærmar oss, rundt 20 minutt frå Røykenes, sender vi ny melding.
– Servicen er fantastisk, i det vi kjem inn døra blir burger og øl plassert på bordet, ein målgang som er verdt det, kvart år! seier Walle.
Over bildet frå gutane har publisert frå middagen står det: Vinnarane av Burger Run 2017.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.