Lokal | 16. mai 2017

Delte ut 184 000 kroner

Formannskapet løyvde i dag midlar til el-sykkel på Luranetunet, parken på Lyngheim og elektroniske ordbøker i ungdomsskulane.

Delte ut 184 000 kroner
Tone Hepsøe (Ap) foreslo løyving til elektroniske ordbøker til elevane på ungdomsskulen og fekk støtte frå resten av formannskapet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 16. mai 2017 13:57

Under politisk kvarter kom det tre framlegg om bruk av formannskapet sitt disposisjonsfond, som før dagens møte var på 2,194 millionar kroner.

– Demensavdelinga på Luranetunet ønskjer å skaffe seg ein sykkel for at dei eldre skal komma seg ut. Det er gledeleg å sjå den dugnadsanden som er rundt dette prosjektet, innleia Laila Reiertsen (Frp).

• Les òg: Kjøper el-sykkel til demente

– Vi ønskjer at Luranetunet skal få ein sykkel til, slik at også andre avdelingar kan nytta seg av tilbodet. Dessuten er det ein tryggleik i at dei kan vera to syklar på tur samstundes. Dei driv med lavt sykefråvær på avdelinga, og eg meiner det er viktig å støtta opp om dette initiativet. Sjølv om vi byggjer eit flott nytt anlegg på Luranetunet er det viktig at det også kjem seg ut, argumenterte Reiertsen som gjorde framlegg om å løyve 80 000 kroner til sykkel nummer to.

Ferdigstiller Lyngheim-parken

Neste gåvmilde ut var ordførar Marie Bruarøy (H).

– Eg har fått innspel frå stiftinga på Lyngheim. Den 8. juni skal det vera offisiell opning av heile parken der ute kor både Extrastiftelsen, Gensidigestiftelsen og Folkeakademienes landsforbund, som alle har vore bidragsytarar kjem.

– Men det er nokre småting som gjenstår. Det er fire sittegrupper med bort til 64 000 kroner. For å få desse i tide, må dei bestillast denne veka. Det er trimming av området med ekstra solda jord og litt ferdigplen inntil stiar og murar. Totalt summerer det seg til 82 000 kroner, fortalde Bruarøy.

Elektroniske ordbøker til ungdomsskulane

Sist ut var Tone Hepsøe (Ap) som ønskje at elevane ved ungdomsskulane skulle få betre verkty å jobba med.

– Dette kom opp i ei foreldresamtale. Eg fekk læraren som fortalde om det til å gje meg eit notat på dette. Det er viktig å understreka at det ikkje er nokon som har gått bak nokon rygg her, poengterte Hepsøe.

– Det eg kunne tenkje meg er at vi kjøper inn ordbøker til dei flotte cromebøkene elevane på 8. trinnet har fått. Ordboka heiter Clarify og er på fleire språk. Det finst ikkje adekvate gratis alternativ i dag. Prisen er 28 kroner per elev per år og nyttast i dag av mellom anna Bergen kommune og Hordaland Fylkeskommune. Totalt vil det beløpa seg til 11 000 kroner for Os ungdomsskule. Eg reknar med at det er omlag det same for Nore Neset Ungdomsskule.

– Her kan vi oppnå mykje med ein liten innsats, både for dei svakare elevane, men også for dei sterke som kan få utvida ordforrådet ytterlegare, sa Hepsøe.

– Då foreslår eg vi røyster over eit fellesframlegg frå Frp/H og Ap som omfattar alle desse tre tiltaka. Til saman summerer det seg til 184 000 kroner, avslutta ordføraren før eit samla formannskap gjekk inn for løyving.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.