Lokal | 10. nov. 2017

Den første snøen

Den lander som sludd i låglandet, men har skapt trøbbel på Fanafjellet.

Den første snøen
Snø i fjellet og sludd i Os sentrum i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. nov. 2017 09:51

Fredag 10. november blei første dag med kvite flak i låglandet i Os denne vinteren.

I sentrum landar flaka som sludd, på fjelltoppane er det kvitt. Det gjeld også høgda mellom Os og Bergen, Fanafjellet, der det fredag morgon var vinterføre.

– Det er den første snøen, då blir det som vanleg litt kaos, seier Kjetil Larsen ved Vegtrafikksentralen til BT.no i dag.

Det har vore trøbbel på Fanafjellet i dag tidleg og ei utforkøyring på Kvamskogen.

Melder sol til søndag

Fredagen skal halda fram med nedbør og temperatur på rundt 1-3 gradar.

Laurdag er det meldt noko lettare og éin grad varmare. Det er godt nytt for dei rundt 300 som skal spela gatecup på Kuventræ i morgon.

Snøen som har kome i fjellet kan bli liggande nokre dagar, og til søndag og måndag er det meldt opphaldsvêr, sol og 1-3 gradar i Os. På Kvamskogen er det meldt 2-3 gradar kaldare.

Tysdag og onsdag skal det koma meir nedbør og høgare temperatur, 4-5 gradar tysdag og 6-7 gradar onsdag.

Sjå vêrmelding for Osøyro på Pent.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.