Torsdag 21. desember blir det solidaritetskonsert i Os kyrkje

Den stille sulten

Arrangerer solidaritetskonsert for å gje sultkatastrofen i verda ei stemme.

Av: Andris Hamre

Torsdag 21. desember kan du oppleve ei rekkje av lokale artistar når det blir invitert til solidaritetskonsert i Os kyrkje.

– Sultkatastrofen i verda er det vi kalle den stille sulten. Barn over heile verda svelt, utan at det får den merksemda det treng, fortel Arvid Tveit, som saman med Arne Meland, Øyvind Heggland og Liv Strømsvåg står bak initiativet.

Ei stemme

Med på laget har dei fått Os kulturutvikling, Os kyrkje, Kirkens nødhjelp og andre engasjerte.

– Vi ønskjer å gje denne sultkatastrofen ei stemme. Globalt sett står vi faktisk ovenfor den største krisa sida andre verdskrig. Dette meiner vi har fått for lite merksemd. Saman kan vi vera med å avverge nye tragediar og redda liv. Sulten dreper langsomt og stille, det ønskjer vi ikkje å stå å sjå på. Nødhjelp må fram til spesielt Jemen, Sør Sudan, Nordaust Nigeria og Somalia, forklarar Tveit.

Lokale artistar

For å engasjera inviterer dei til solidaritetskonsert med lokale artistar.

– Dei vi kan røpa så langt er Eirik Søfteland, Olav Skorpen, Føyk, Johann Sebastian Blum, Ont i Ryggen, Eirin Røykenes, Leif Østrem, Bente Bratlund, Ole Amund Gjersvik og Marita Moe, men det kjem fleire.

– Ta gjerne ei pause frå adventstida og ta med deg vener, kjente og ukjente. Dette blir ein flott førjulskonsert, avsluttar Tveit.