Kultur | 14. des. 2014

– Den største i Noreg

Oseana tømmer Griegsamlinga for jubileumsutstilling med Pushwagner. – Det blir hans største utstilling i Noreg i 2015, fortel Marianne Gathe.

– Den største i Noreg
Marianne Gathe, kurator ved Griegsamlinga, presenterte Pushwagner på vårlanseringa (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 14. des. 2014 09:18

Frå slutten av april får Per Grieg sr sine bileter i Griegsamlinga ei pause for å gjera plass til to nye utstillinger. Først ei med Bergen kulturskule i samarbeid med Oseana og Os kulturskule før årets store utstilling opnar 29. mai.

– Då opner jubileumsutstillinga med verka til han som truleg er noregs mest ikoniserte namn innan samtidskunst. Pushwagner.

– I løpet av dei 10 siste åra har han etablert seg på toppen av norsk samtidskunst og blitt big business med eige firma og galleri på Tjuvholmen.

– Det er ikkje tilfeldig kor dei velger å stille ut hans kunst, så at dei lar Oseana få den største utstillinga i Noreg i 2015 er vi utruleg glade og stolte over.

– Vi gler oss stort, fortalde kurator Marianne Gathe då Oseana presenterte vårprogrammet laurdag.

Utstillinga vil bli både i Greigsamlinga og Hvelvet. Totalt på 550 kvadratmeter.

Eit unikt talent

Pushwagner har i løpet av dei siste ti åra blitt eit ikon i norsk kunstliv. Han har levd ut den klassiske kunstnarmyten frå å vere ein framandgjord liten gut på Oslo sin vestkant, til eit omflakkande vagabondtilvære med få andre haldepunkt i livet enn det unike teiknetalentet sitt.

I 1968 møtte han forfattaren Axel Jensen på toalettet i Kunstnerenes Hus i Oslo. «Hvordan har du det?» spurte Jensen høfleg. «Det går til helvete» svarte Pushwagner. Eit samarbeid som skulle prege nyare norsk kunsthistorie hadde begynt. «Jeg tegnet Axels historier, men det var min historie» fortel Pushwagner.

Popkunsten og verkemiddel frå teikneseriar har alltid vore det visuelle kjennemerket til Pushwagner, samstundes som han brukar perspektivet på ein absolutt fabelaktig måte for å understreke det uendelege og mogleg uopprettelege i samfunnskritikken sin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.