Dette røret låg på rek utanfor Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Den var 123 meter lang

Brannvesenet var på redningsoppdrag i ettermiddag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, februar 22, 2012 - 21:24

Onsdagen blei søkkvåt i Os, men trass i melding om flaum har det ikkje kome inn meldingar om problem med vatnet.

I ettermiddag måtte likevel brannvesenet på oppdrag.

– Vi fekk melding om at det låg ein slange på rek utanfor gamlemoloen innanfor Oseana, fortel Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Håvardstun tok med seg ein kollega for å få slangen på land.

– Det viste seg å vera eit 123 meter langt rør av ganske hard plast.

– Røret hadde delvis kilt seg fast i moloen, men vi fekk det på land.

Saknar du eit langt, kvitt rør, rundt 4 tommar i diameter, så kan du møta opp på moloen i morgon.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11