Lokal | 24. sep. 2014

Den viktigaste planen

Os kommune er i vekst og under press. Korleis kommunen skal planlegga for framtida blei vedtatt i kommunestyret tysdag.

Den viktigaste planen
Kommunestyret har ei tøff oppgåve framfor seg når dei skal staka ut kursen for kommunen si utvikling fram mot 2027 (arkivfoto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssand og Andris Hamreonsdag 24. sep. 2014 11:38

Tysdag handsama kommunestyret planprogrammet for kommuneplanen si samfunnsdel frå 2015 til 2027. Planen blir truleg ein av dei viktigaste, om ikkje den viktigaste, planen dagens politikarar skal utarbeida med tanke på den folkeveksten og utviklinga Os kommune står foran, og tida er kort. Målet er å ha den konkrete planen klar til juni 2015.

– Det er eit veldig godt dokument, som eg har lengta lenge etter.

– Om vi klarar å kjøre løpet i den retningen her, etter tidplanen som er lagt, så blir dette eit veldig godt reiskap.

– Vi kjem til å få ein vekst. Då er det viktig å vita kva vi vil ha, påpeika Terje Sperrevik (TvS) som ikkje følte seg heilt trygg på at framdriftsplanen var realistisk, og at den ville dra inn innbyggarane i tilstrekkeleg grad.

Større press enn tidlegare

Han fekk støtte frå Gustav Bahus (Frp) om at det var eit godt planprogram.

– Oppstarten av E39 Svegatjørn - Rådal veit vi no når kjem. Det gjer oss eit heilt anna press enn tidlegare.

– 2015-2027 høyrest kanskje lenge ut, men det blir ei spesiell og spennande tid for osingane, understreka Bahus.

Sakna jordvern og psykososialt miljø

Sjølv om ein no berre skulle handsama planen for korleis ein skal utarbeida sjølve planen ønskja Ingrid Netland (Sp) å retta fokus på nokre av områda i planen.

– For eit par veker siden arrangerte vi folkemøte med Erling Okkenhaug for å setta fokus på kva vil vi med Os.

– Der blei det snakka om ekstremkvalitetar. Os sine ekstremkvalitetar er bygda ved fjorden kor trivsel og kvalitet i alle livssituasjonar står i fokus.

– For at dette skal gjennomførast er langsiktig planlegging viktig.

– Senterpartiet er oppteken av jordvern og at kommande generasjoner også har eit kulturlandskap som ivaretek landbruk og jordbruk. I det augeblikket eit dyrkbart område blir utbygd, så blir det båndlagt i uoverskueleg framtid. Difor må vi få jordvern inn i tillegg.

– Eg er glad for at mobbing er med under barn og oppvekst, men det burde òg har vore med under kommunal organisering. Mobbing på arbeidsplassen er eit utstrakt problem i alle organisasjoner og ein av årsakene til fråvær er det psykososiale miljøet, påpeika Netland.

Korleis sikra medverknad

Det siste punktet Netland ba politikarkollegaene i kommunestyret var innbyggarane sine syn.

– Planen kan vera vanskeleg å endra når ein kjem til høyringsdelen. Eg ber alle i salen ta innover seg Okkenhaug sine refleksjonar om god stadsutvikling.

– La oss ta tilbake stryringa og driva stadsutvikling i staden for eigedomsutvikling, oppmoda Netland.

Vurderar alternative høyringsmetodar

Plan- og utviklingssjef Aina Tjosås var glad for engasjementet rundt samfunnsplanen.

– No har det ikkje vore slik at vi har sete og venta på at de skulle fatte vedtak i dag. Sjølve planen blir jobba med i administrasjonen.

– Vi legg opp til eit dagseminar med kommunestyret i november, kor det vil vera god anledning til å koma med innspel.

– Så vil vi legga opp til opne høringsmøter, slik at innbyggarane får sagt sitt.

Ei utfordring Tjosås ser er korleis få med dei yngre i prosessen.

– Vi må nytta andre metoder for å nå dei som skal bu her dei kommande generasjonane.

– Difor driv vi på med forsøk på å legga planen ut på høyring på facebooksida til kommunen, fortalde plan- og utviklingssjefen.

Planprogrammet kort oppsummert

Kommuneplanen er ein omfattande plan, kor ein skal prøva å fange opp heile samfunnsutviklinga for kommunen i perioden fram mot 2027. Nedanfor finn du nokre av problemstillingane ein må ta stilling til.

Viktige perspektiv for planarbeidet

  • Os er i kraftig vekst og er mellom dei ti kommunane i landet som har høgast prosentvis vekst, ca. 3 % p.a. Korleis skal ein ta vare på det beste frå Os-identiteten samstundes som ein handterer den sterke folkeveksten og sikrar god livskvalitet for alle?
  • Osøyro er utpeika til regionsenter i regional plan for attraktive senter . Korleis vil Os kommune bli påverka av det som skjer rundt oss, både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå og korleis skal vi ivareta rolla som regionsenter?
  • E39 Svegatjørn-Rådal er vedtatt. Forventa byggeperiode er 2014/2015 til 2020. I tillegg er Hordfast-sambandet under planlegging med ferjefri E39 sørover. Kva vil den nye infrastrukturen bety for Os kommune og korleis kan vi utnytte potensialet for vekst og utvikling på ein god og berekraftig måte?
  • Strategien rundt universell utforming skal ligge som ei grunnleggjande premiss for alt planarbeidet. Korleis skal Os kommune sikra at alle kan delta og bruke samfunnet på ein likeverdig måte? Det gjeld fysisk, sosiale og økonomisk tilhøve.
  • Eit viktig perspektiv er folkehelsearbeid. Korleis skal Os kommune legge til rette for faktorar som påverkar innbyggjarane si helse og trivsel, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom og ei jamnare fordeling av faktorar som direkte og indirekte påverkar helsa.

I planprogrammet trekk administrasjonen opp fleire sentrale tema:

  • Areal-/utviklingsstrategi – Den sterke auken i folketalet stiller store krav til styring av utviklinga. Skal ein lukkast i å skapte eit inkluderande samfunn med rom for mangfald og individuelle løysingar, krev det godt forankra areal- og utviklingsstrategiar.
  • Os si regionale rolle – Ny kommunestruktur er varsla og ein proposisjon frå regjeringa er venta mai 2014. Kva føringar som ligg der er enno uvisst, men dette er ein diskusjon som Os kommune må ta og som ein bør ha ei formeining om.
  • Berekraftig utvikling og miljø – Berekraft skal vere eit grunnleggjande prinsipp. Må dekke behov til dagens generasjon utan at det går ut over komande generasjonar og deira høve til å dekke sine behov.
  • Barn, unge og oppvekst – Os kommune skal vere ein god stad å vekse opp. Barnehagar, skular, fritidstilbod og andre tenester for barn og unge skal ha høg standard og tilstrekkeleg kapasitet og kommunen skal vere i første rekkje når det gjeld førebyggjande arbeid.
  • Helse- og omsorgstenester – Kommunedelplan for Helse og omsorgstenester 2012-2020 trekk opp retning for utvikling av helse- og omsorgstilbodet i Os kommune i framtida. Eldregenerasjonen vil i framtida vere friskare lenger, ha store menneskelege og økonomiske ressursar, ha høgare utdanning og heilt andre forventningar til sin alderdom og korleis dei vil leve og bu dersom dei vert hjelpetrengande.
  • Næring og kompetanseutvikling – Os kommune opplever sterkt vekst i folketalet, men har ikkje tilsvarande vekst på næringssida. Kommunen har svært høg utpendling, noko som betyr at det er mangel på arbeidsplasser i kommunen. Sjølv om pendlaravstanden til Bergen blir redusert med ny E39, er det eit overordna mål at fleire av dei som buset seg i kommunen, skal kunne finne arbeidsplass lokalt.
  • Bustad – I Os kommune er det i følgje SSB 7564 bustader. Av desse er 5328 einebustader. Dette utgjer 70 prosent av bustadane. Når ein ser landet under eitt, utgjer einebustader 52 prosent. Dei siste 10 åra har det skjedd ei stor endring også i Os.
  • Samferdsel – Når ny E39 vidare til Bergen står ferdig om nokre år vil kommunikasjonen mellom Os og Bergen verta dramatisk betre både med tanke på tid og kapasitet. For å hindre sterk auke i biltrafikk, må kollektivtrafikken styrkast. Samstundes må det leggjast betre til rette for mjuke trafikantar og gang-/sykkelvegar.
  • Kunst, kultur og fritid – Os kommune har eit rikt kultur- og fritidstilbod. Etter kvart som vi blir fleire er det viktig å styrke det frivillige arbeidet ved å sikre gode og føreseielege rammevilkår. Os har ein sterkt kulturell identitet. Store endringar i buformer, folketal og kommunikasjon gjer at det blir enda viktigare å ta vare på, og vidareutvikla det som er særmerkt i språk, bygningsmiljø, kulturlandskap, omgangsformer, lagsliv og tradisjonar.
  • Senterstruktur og sentrumsutvikling – Os har ei rik historie å ta vare på, frå bisp Sigurd som i 1146 skipa Heilag Maria kloster til Lyse kloster, til dagens rike kulturliv og flotte kulturlandskap. I Os møtest det urbane og det rurale. Tradisjonelle bu- og levemåtar blir pressa av fortetting og eit meir urbant levesett. Det er eit ønskje om å bevare det beste frå det som har vore, samstundes som det blir lagt til rette for nye behov og nye måtar å utvikle samfunnet på.
  • Kommunal organisering – Korleis skal vi sikre best mogeleg service til innbyggjarane med dei ressursane ein har? Os ligg nær Bergen og konkurrerer i same arbeidsmarknad. Skal vi knyte til oss gode fagfolk, må vi vere attraktive og kunne tilby interessante arbeidsoppgåver og konkurransedyktige vilkår. Samstundes må organisasjonen vere villig til stadig endring og utvikling.
  • Medverknad – Det skal leggjast til rette for at sivilsamfunnet aktivt kan delta i prosessen. Dette er særleg viktig med tanke på identitetsbygging og lokal forankring av planen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.