Lokal | 31. mai 2017

– Denne parkeringa fortener pallplass!

Det er ikkje berre på nytt og umerkt steindekke i Os sentrum at enkelte slit med å finna ein fornuftig plass til bilen.

– Denne parkeringa fortener pallplass!
Denne parkeringa blokkerte resten av plassen ved Kyrkjelydshuset i går. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. mai 2017 11:27

Bildeserie:

Ein god nr 2? Ved Oseana ein elles så tettpakka konfirmasjonsdag. (Lesarbilde)
Ein god nr 2? Ved Oseana ein elles så tettpakka konfirmasjonsdag. (Lesarbilde)
1 av 1
Ein god nr 2? Ved Oseana ein elles så tettpakka konfirmasjonsdag. (Lesarbilde)

Ein av dei som jobbar i Os sentrum trudde han hadde sett det meste innanfor kreative måtar å setja frå seg bilen på, men i går fekk han seg ein «opptur».

På Kyrkjeflaten sto ein bil parkert på ein måte som gjorde at den blokkerte over halve parkeringsplassen, og stengte inne dei som var der frå før.

– Av all idiotparkering i Os sentrum fortener denne pallplass! meiner innsendar, som tok seg tid til å ta bilde av situasjonen.

– Skal merkast på nytt

Hos Os kommune er dei kjent med utfordringa, og plassen framfor Kyrkjelydshuset står på lista over plassar som skal merkast på nytt.

– Det er utydeleg merking på plassen, og den skal merkast på nytt, fortel leiar for tekniske tenester i Os kommune, Marianne Kramer.

– Men då det nyleg har vore ein lengre byggeperiode med utviding av Kyrkjelydshuset har denne blitt utsett.

Kramer blei oppringt frå kyrkjekontoret i går med spørsmål om same sak.

– Vi skal få tatt det ganske snart, men nett no er vi opptatt med mykje asfaltering rundtom i bygda.

Kva med resten av Osøyro?

Ny skilting, ny merking og nokre rundar med handheving av parkeringsreglane i Os sentrum gav, etter ein noko brå start i 2011, resultat i form av mindre langtidsparkering og betre plass til handlande og andre brukarar av Osøyro.

Når ei av hovudgatene no er rusta opp, først med utskifting av rør under bakken, så med nytt steindekke og tilhøyrande tak langs kantane, har det vore tilbake til sånn det var før - at folk parkerer ut frå magekjensla på kva som er fornuftig og praktisk.

• Les òg: Kor kan du parkera? (November 2016)

– Det er sett ned eit lite utval som jobbar med korleis parkeringsplassane skal organiserast og merkast. Vi ønskjer å unngå å teikna rett på det nye steindekket, fortel Kramer.

Det blir òg jobba med å auka parkeringskapasiteten i Os sentrum. I november i fjor kom nye bommar på plass, for å halda langtidsparkering unna plassen framfor rådhuset.

I februar i år sa plan- og bygningsutvalet ja til oppstart av detaljregulering av nytt parkeringsanlegg i Os sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.