Kultur | 17. jan. 2017

Desidert størst i Noreg

Bygdekinoen på Oseana vaks med 14,4% får 2015 til 2016 og er dobbelt så stor som neste på lista.

Desidert størst i Noreg
Bygdekinoen i Oseana har vore godt besøkt heilt frå den opna i 2011 (foto frå opningsfilmen: KVB)
Andris Hamretirsdag 17. jan. 2017 10:46

Tysdag offentleggjorde Bygdekinoen dei foreløpige besøkstala for 2016. Med norske storfilmar på speleplanen har det blitt eit godt år for den omreisande kinoen, som i heile landet har hatt 154 194 besøkande, ein oppgang på 25,5% frå 122 844 i 2015.

Os flaggskipet

Bygdekinoen i Os var då den helt hus i Fjellheim http://www.midtsiden.no/i-noregstoppen-0 blant dei best i landet. Etter at den flytta til Oseana har Os blitt Bygdekinoen sin beste spelestad. I 2016 besøkte 7334 kinogjestar Oseana. Ein oppgang på 14,4% frå 6412 i 2015.

Os er med det den desidert største spelestaden av dei 178 stadene bygdekinoen vitjer jamnleg rundt i landet. Faktisk har dei no blitt nesten dobbelt så stor som Evje (3864) som i Fjellheim-tida var den største.

Austevoll tek tredjeplassen med 3012 besøkande. På dei neste plassane kjem Aure (2558) og Fiskå (2508).

– Det er klart at dette er veldig veldig kjekt, sier "kinosjef" Janne Mari Hjelle på Oseana som skryt av samarbeidet med Bygdekinoen.

– Det er eit veldig godt samarbeid med bygdekinoen. Samstundes så har vi eit trufast publikum. Osingane er flinke til å bruke den. Det er jo hovudårsaka til at vi ligg der vi ligg. Eg må òg få lov til å skryta av den faste kinostaben som har vore med lenge. Det er jo dei som legg til rette for at folk får ei god oppleving når dei kjem på kino, avsluttar Hjelle.

Større enn fleire fylker

Hordaland er det fylket i landet kor flest går på bygdekinoen med 21 815 kinogjengarar i 2016. Imponerande nok er faktisk Bygdekinoen i Oseana større enn fleire fylker som Hedmark (6934), Troms (6918), Buskerud (6157) og Akershus (5709).

Populære norske filmar

Forklaringa til at bygdekinoen har vakse så mykje det siste året skuldast nok at 2016 har vore eit år med fleire store og gode norske filmar på kinolerrettet.

Her er dei fem største filmane:

Snekker Andersen og Julenissen 16790
Kongens nei 12660
Børning 2 12008
Solan og Ludvig - Herfra til Flåklypa 10675
Mannen fra Snåsa 7963

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.