Lokal | 10. sep. 2015

Desinformasjon om bru frå Os Venstre

Lesarinnlegg, Os FrP: Brusaka skal ikkje avgjerast 14.september slik Os Venstre hevdar i lesarbrev.

Desinformasjon om bru frå Os Venstre
Skjergarden i Søre Øyane skal skjermast skriv Hesthamar, Garvik og Vernøy Hansen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 10. sep. 2015 08:54

Trasevalet for Ferjefri E39 Kyststamvegen ER avgjort av Regjeringa då dei valde midtre trase over Bjørnafjorden i desember 2013. Hordaland fylkesting, inkludert Hordaland Venstre, har slutta seg til trasevalet. Og ingen i Stortinget, ei heller Venstre, har reist sak for å endra trasevalet. Vedtaket er ganske enkelt fatta.

Det vert difor direkte missvisande av Venstre å hevda at saka skal avgjerast ved kommunevalet måndag. Venstre hevdar òg at Os kommunestyre i kommande periode skal handsama reguleringsplanen for prosjektet, og at kommunestyret då kan stoppa prosjektet. Dette er direkte desinformasjon frå Os Venstre. Statens Vegvesen jobbar no med ein statleg reguleringsplan for E39, dvs. at det er Regjeringa som handsamar og vedtek planen. Os kommune skal berre ha planen til uttale.

Det er alvorleg at eit etablert parti som Os Venstre kjem med slik feilinformasjon om prosessen ei veke før kommunevalet. Dei burde vita betre.

Vår jobb lokalt er no å sikra at skjergarden i Søre Øyane vert skjerma, og at vi får den beste løysinga for ilandføring med neddykking i tunnel under Søre Øyane, Halhjem og Søre Neset. Då får vi også gitt Søre Neset tilbake til sørenesingane utan gjennomgangstrafikk frå E39. Hittil har vi i Os FrP lukkast i å få Regjeringa positiv til ei slik løysing. Dette kom fram då planprogrammet for E39 Aksdal-Bergen vart sendt på høyring i vår.

Spørsmålet vi osingar no må stilla oss er kven vi trur har størst påverknad overfor Regjeringa?

Jon Sivert Rykkel, Glenn Erik Haugland og Os Venstre, som ikkje eingong ville delta i den lokale tverrpolitiske arbeidsgruppa knytt til Ferjefri E39? Eller ordførar Terje Søviknes og hans mannskap i Os FrP som personleg kjenner samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (FrP), resten av den politiske leiinga i departementet og dei sentrale aktørane i Statens Vegvesen?

Vi er ikkje i tvil. Både leiar i Samferdselsutvalet i Hordaland fylkeskommunen Gustav Bahus og ordførar Terje Søviknes er i løpande dialog med Ketil Solvik-Olsen om saka. Og vi kan garantera at vi bruker all den tyngde vi har for å sikra den beste løysinga for Os! Skjergarden i Søre Øyane skal skjermast! Godt val på måndag!

Eirik Andre Hesthamar
Jonn Garvik
Sonja Vernøy Hansen
Listekandidatar Os Fremskrittsparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.