Lokal | 28. juni 2011

Desperate AP

Lesarbrev: Terje Søviknes meiner Lars Atle Skorpen har konstruert saka om privatisering av drikkevatnet i Os.

Desperate AP
Andris Hamretirsdag 28. juni 2011 07:15

Desperasjonen må ha tatt Os Arbeiderparti og deira ordførarkandidat Lars Atle Skorpen. I mangel på saker dei kan angripa FrP/H i, konstruerte Skorpen nyleg ei sak om privatisering av drikkevatnet i Os.

Problemet er berre at det ikkje er nokon, korkje i FrP eller Høgre, som har snakka om privatisering av vatnet i Os!

Det vi har bedt om er ei sak om alternativ organisering av vatn- og avløpstenestene i Os, for best å kunna møta dei store utbyggingsbehova vi har i sektoren framover. Fleire andre kommunar, t.d. Fjell og Bømlo kommunar i Hordaland, har vald å organisera desse sjølvkosttenestene i eigne aksjeselskap for å sikra sjølvkostprinsippet, rekruttering til faget og gjennomføringskraft. Dette har ikkje noko med privatisering å gjera. Selskapa er 100% kommunalt eigd, det sit politikarar i styra og selskapa er underlagt same Offentleglov som kommunane er.

Vatnet er framleis eigd av innbyggjarane i kommunen!

Det politiske fleirtalet har vore oppteken av å betra kvaliteten på drikkevatnet i Os, og i vår opna vi vårt nye hovudreinseanlegg som sikrar krystallklårt vatn til alle våre abonnentar. Også her har vi vist handlekraft. Neste ut er nytt hovudreinseanlegg for kloakken, og vi er viss på at vi også her skal finna ei lokalisering og ei teknisk løysing som tener alle partar.

Om FrP/H for framtida vel ein aksjeselskapsmodell eller å styrkja den kommunale vatn- og avløpseininga skal vi ta stilling til når ei prinsippsak kjem på bordet i september.

Uansett er vi oppteken av å finna den beste organiseringa, som kan sikre ei effektiv drift og utbygging av denne viktige infrastrukturen i åra som kjem. Os kommune treng eit løft på desse tenestene.

Det burde også AP vore oppteken av, i staden for å konstruera feilaktige skremmebilete av kva deira politiske konkurrentar står for. Litt seriøsitet hadde vi faktisk venta frå ein tidlegare rådmann, no ordførarkandidat for AP.

Med ynskje om ein god sommarferie, og ein ryddig og seriøs kommunevalkamp til hausten!

Terje Søviknes (FrP)
Ordførar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.