Lokal | 13. jan. 2017

Desse to er historiske!

For første gang i historia består heile den politiske leiinga i Os kommune av kvinner.

Desse to er historiske!
Varaordførar Laila Marie Reiertsen (Frp) og ordførar Marie Bruarøy (H) (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 13. jan. 2017 08:34

På det ekstraordinære kommunestyremøte torsdag blei som venta Marie Bruarøy (H) innsatt som ordførar og Laila Marie Reiertsen (Frp) vald som varaordførar i Terje Søviknes (Frp) si permisjonstid.

Med valet blei dei to historiske, som dei første kvinnene som saman leier Os kommune.

– Eg gler meg til å samarbeida med deg, helsa Marie Bruarøy til Laila Reiertsen frå ordførarstolen.

Reiertsen på si side returnerte helsinga og takka for tilliten.

– Takk for tilliten, eg gler meg til å samarbeida med dykk alle både på politisk nivå, i administrasjonen og med dei tillitsvalde. Saman skal vi jobba til det beste for innbyggjarane i Os, sa Reiertsen då ho samrøystes blei vald.

Berre ein gong før har Os kommune hatt ein kvinneleg ordførar, det var i 1994-1995 då Annlaug Tysseland (TvS) sat i ordførarstolen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.