Lokal | 19. feb. 2013

Desse får KUP-midlar

Formannskapet delte tysdag ut 700.000 i midlar frå det kommunale Kultur Utviklings Programmet (KUP). Her er oversikta over kven som fekk.

Desse får KUP-midlar
Varaordførar Marie Bruarøy (H) og ordførar Terje Søviknes (Frp) hadde laga eit framlegg til fordeling av 700.000 kroner (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 19. feb. 2013 11:13

Det kom inn søknadet for vel 3,6 millionar kroner. Til disposisjon hadde formannskapet 1 million til utdeling. 700 000 kroner av desse blei fordelt i tysdagens møte.

- Vi har vald å legga vekt på tiltak til barn og unge, samt det som skapar aktivitet, redegjorde varaordførar Marie Bruarøy (H) som saman med ordførar Terje Søviknes (Frp) hadde skissert eit framlegg til fordeling.

Les òg: Har søkt for 3,6 millionar

Framlegget kom som eit fellesframlegg frå alle partia i formannskapet etter ein forutgåande diskusjon gjennom helga.

- Vi er veldig nøgd med profilen retta mot barn og unge, fortalde Lars Atle Skorpen (Ap).

- Vi kunne kanskje ønska oss å signalisera en enno sterkare profil mot oppstart av levedyktige og langsiktige ting som etterkvart skal klara seg sjølv.

Ville gje meir til festivalane

Jon Sivert Rykkel (V) tok til ordet for å gjera ei omdisponering frå framlegget frå varaordføraren og ordføraren.

- Det har kome inn nær 50 søknader, dermed blir kvaliteten på det vi gjer dårlegare.

- Mange søkjer KUP-midlar, men skulle nok istaden søkt andre stader, tildømes på kulturmidlane, hevda Rykkel.

- Slik det er no får festivalane mindre enn tidlegare for å gje til dei mindre søknadane.

Han forslo difor å kutte nokre av dei mindre tilskota (kr 50.000,-) og istaden støtte festivalane Søfteland Rock 'n LOL og Osøren Jazz og Bluesfestival med 25.000 kroner ekstra. Han fekk ikkje støtte for dette.

Desse fekk midlar:

Søre Neset IL/STIL/Os Turn Fotball/Øyglimt - Jentefotballdag kr 10.000,-
Søre Neset Ungdomslag - Oppstart barne og ungdomsklubb kr 10.000,-
Bergen og Omland modellbilklubb - Junior NM Radiostyrt bil på Nore Neset kr 20.000,-
Os Karateklubb - Regional barneleir på Os kr 20.000,-

Os Turn - Tilskot til årets Bendit Cup på Kuventræ kr 50.000,-
Os Musikkforeing/Os kulturskule - Tilskot til oppsetting av ein barnekonsert i Oseana kr 10.000,-
"Musikkglede" - Prosjekt i to SFO med avsluttande konsert 16. juni kr 10.000,-

Osøren Jazz & Bluesfestival kr 75.000,-
WT Litteraturfestival kr 75.000,-
Rock 'n LOL kr 75.000,-
Musica Nord - konsertserie i Oseana kr 30.000,-
Opera Omnia - Havfest kr 50.000,-
Skulptursymposiet 2013 kr 75.000,-

Os Rockeklubb - tilskot for å møte behov for "binge"-konsertar kr 50.000,-
Os Roklubb - tilskot til nye båtar og rehab av kai og klubbhus kr 50.000,-
SWITCH skatepark - tilskot til diverse utstyr til skateparken kr 10.000,-
Os MC & MX klubb - tilskot til 85 ccm sykkel og brukt ATV kr 50.000,-

Os Fotoklubb - Matrialer/innramming av bilder til institusjonar kr 30.000,-

Dei resterande 300.000 kronene vil bli lyst ut med søknadsfrist 10. september 2013.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.