Lokal | 08. apr. 2014

Desse får midlar

Formannskapet løyvde tysdag éin million kroner i KUP-midlar. Desse fekk pengar.

Desse får midlar
Formannskapet delte ut 1 million i KUP-midlar tysdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 08. apr. 2014 09:21

68 lag, organisasjonar og enkeltpersonar søkte om å få del av den eine millionen formannskapet har til disposisjon i dei kommunale KUP-midla.

I dag fekk 23 av dei frå 5000 til 200 000 kroner til prosjekt, utstyr og anlegg.

Ei arbeidsgruppe beståande av ordførar Terje Søviknes (Frp), varaordførar Marie Bruarøy (H) og gruppeleiar Lars Atle Skorpen (Ap) hadde utarbeidd ei innstilling til formannskapet som utvalet gav si tilslutning til.

– Talet på søknadar viser ei stor breidde i aktivitet og frivilligheit i Osbygda.

– Vi har forsøkt å prioritera tiltak som når ut til mange, born og unge framfor vaksne, samt tiltak som går på utvikling og nyskaping.

– Dette er ikkje midlar som skal gå til varig drift.

– Vi har forsøkt å balansera prioriteringane og trur vi skal få mykje positiv energi ut i bygda av desse aktivitetane, poengterte ordføraren innleiingsvis.

Manglar raud tråd

Jon Sivert Rykkel (V) var samd i at søknadane viste mykje positiv aktivitet.

– Samstundes føler eg vi manglar ein raud tråd i kva type aktivitet vi søkjer etter når vi lyser ut KUP-midla.

– Kva er skilnaden på desse midla og kulturmidla.

– Eg trur vi må spissa kommunikasjonen ut i forkant, slik at vi får tydelegare søknader og kanskje då òg færre søknadar med betre kvalitet, argumenterte Rykkel, som òg kom med framlegg om at dei som tidlegare har fått løyvd KUP-midlar må levera rekneskap og rapport før dei eventuelt kan få yttarlegare støtte.

Dette slutta formannskapet seg til.

– Kunne dei ikkje tatt det sjølv?

Den einaste søkaren det blei noko diskusjon om i formannskapet var framlegget om å løyva 100 000 kroner til Os Open i regi av Os Bygg og eigedom.

– Eg undrar meg litt over tildelinga til dei.

– Dei er ein kommersiell aktør i utviklinga av Osøyro og i så god kondisjon at dei vel burde ha klart dette på eigehand, kommenterte Espen Aspenes (Frp).

– Ein kunne kanskje vurdert det slik, men det ligg vel litt på sida av det vi som kommunale eigarar har sagt dei skal nytta midlar på. Derfor fann dei det vel rett å søka om midlane.

– Når det er sagt så har gruppa vurdert at Os Open vil vera eit tiltak som kjem mange til gode, i og med at dei skaffar tilvegs lokaler på gateplan for utøving av frivillig aktivitet, svara Søviknes.

– Vi oppfattar ikkje at desse midla skal blir nytta i Os bygg og eigedom, men at dei forvaltar dei ut mot frivillige.

– Vi har ei klar forventing om at det skal materialisera seg ut i aktivitet, supplerte Skorpen.

Desse får midlar

Os formannskap gav slik løyving frå KUP 2014;

Festivalar o.l.

Musica Nord – Oseana kammerscene - kr 30 000
Ungdomsstyret Os Turn – Fargeløp - kr 10 000
Osfest – musikkfestival 2014 - kr 200 000
WT Litterturfestival - kr 75 000
Galleri Solbakkestova – bildesymposium - kr 75 000
Os Mannskor – songarstemne - kr 10 000
Sum festivalar o.l. - kr 400 000

Utstyr/anlegg
Os Turnforening – utstyr til cheerleading - kr 30 000
Os Turlag – tursti Raudlia - kr 30 000
Os Wolverines – utstyr amerikansk fortball - kr 30 000
Os Turn - Mobilt tidtakingssystem - friidrett - kr 30 000
Sum utstyr/anlegg - kr 120 000

Driftstilskot/Prosjekt

Redd Barna Cup – fotball - kr 15 000
Jentefotballdagen 2014 - kr 20 000
Oseana – Festspillhelg i Os - kr 100 000
Os Svømmeklubb – Osmesterskap m.m. - kr 20 000
Os Bygg og Eigedom AS – Os Open - kr 100 000
Os basketballklubb – ungdomsrekruttering - kr 5 000
Os Musikkforening – konsert med unge Os-artister - kr 55 000
Terje Neset/Anne Leni Sæbø – ungdomsmusikal - kr 30 000
Cykle-klubben Henie – utvikling tilbod barn 6-17 år - kr 30 000
Lysekloster Idrettslag – fotballcup - kr 15 000
Os kommune, BOF – Kreft Treffpunkt - kr 15 000
Sum Driftstilskot/prosjekt - kr 405 000

Kurs/oppstartmidlar

NLS Os og Omegn Krets - kr 15 000
Nore Neset Grendalag – oppstart ungdomsklubb - kr 30 000
Os barne- og ungdomsteater – oppstart teatergruppe - kr 30 000
Sum kurs/oppstartsmidlar - kr 75 000

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.