Fem av dei seks nye bileta i Griegsamlingen på Oseana (foto: Andris Hamre)

Desse har du ikkje sett før

Per Grieg sr har utvida samlinga si. No kan du sjå seks nye bilete i Griegsamlingen på Oseana.

Av: Andris Hamre

Søndag 6. august opna ei ny utstilling i Griegsamlingen på Oseana. Denne gongen med bilete frå Per Grieg sr si rikhaldige samling.

– Denne utstillinga, som vil stå ein liten månad er eit utdrag av landskaps- og naturmotiv frå Per si samling, fortel Veronica Søilen Halhjem, marknads- og kommunikasjonsansvarleg på Oseana Kunst- og kultursenter.

Seks nye bilete

Utstilling har óg fått ei eiga avdeling med nyinnkjøpte bilete.

– Per Grieg sr utvidar stadig samlinga si. I denne utstillinga har vi fått med seks av dei nyaste innkjøpa til Per. Dei har vi samla i det innerste rommet. Dette er bilete som ikkje tidlegare har vore utstilt i Oseana, avsluttar Søilen Halhjem.

Om Griegsamlingen

Griegsamlingen består av kunst, hovudsakeleg bildekunst, som er eigd av Grieg Foundation og andre innan Grieg Group-sfæren. Den er samla over ein 50 års periode, og stort sett har Per Grieg sr stått for innkjøpa. Det har ført til at samlinga er ganske personlig, utan nokon overorda strategi eller line, bortsett frå det som subjektivt har vore oppfatta som spennande til einkvar tid. 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Aalesund-tabbe kan sikra Os

16. oktober 2017

Os står i fare for nedrykk før siste runde, men ikkje om protest på denne mannen går i boks.

bilde-midtsiden

Til Os med tips - og litt tull

16. oktober 2017

Held foredrag for Fargerike: – Målet er at dei som høyrer på skal få nokre konkrete råd, men det viktigaste er litt glød, seier Einar Nilsson frå...

bilde-midtsiden

Å laga jul i nytt sentrum

16. oktober 2017

Blir det lyslenker over nyopplyst Øyro? Blir det plass til juletre på det nye torget?

bilde-midtsiden

Stenger for asfaltering

16. oktober 2017

Heile Midtsætervegen blir stengd på dagtid tysdag og onsdag for asfaltering.

bilde-midtsiden

«Tak» på tak i Os sentrum

16. oktober 2017

10 år etter førre paraplyprosjekt er nye utlånsparaplyar på plass mellom dei nye glastaka på Osøyro.