Blir det meir å jubla for for Os neste år når dei speler 4. divisjon avd 01? (arkivfoto: AH)

Desse laga skal Os møta i 2018

Avdelingsoppsettet for 4. og 5. divisjon er klart. Her er motstandarane til Os, Os 2 og Søfteland neste år.

Av: Andris Hamre

NFF Hordaland har i dag offentleggjort avdelingsoppsettet for sesongen 2018.

Os rykte som kjent ned til 4. divisjon etter årets sesong, og skal neste år spela i avdeling 1, der dei møter ein tidlegare kjenning i Austevoll og laget med dei svært livlege supporterane, Valestrand Hjellvik.

I 5. divisjon er det endeleg duka for lokaloppgjer i Osbygda, i avdeling 2 finn vi nemleg både Os 2 og Søfteland.

Her er dei lokale avdelingane

4. divisjon, avd 01
Austevoll
Frøya (opp frå 5. div. )
Fyllingsdalen 2
Loddefjord
Lyngbø
NHH
Os (ned frå 3. div.)
Sandviken
Sund
Telavåg (opp frå 5. div.)
Valestrand Hjellvik (opp frå 5. div.)
Vestsiden-Askøy

5. divisjon, avd 02
Baune (5. div. 2017)
Dale (6. div. 2017)
Fri (5. div. 2017)
Minde (6. div. 2017)
Nymark (5. div. 2017)
Os 2 (5. div. 2017)
Osterøy (5. div. 2017)
Sædalen (5. div. 2017)
Søfteland (5. div. 2017)
Vaksdal (6. div. 2017)
Varegg 2 (5. div. 2017)
Voss (4. div. 2017)

Sjå alle avdelingane her