Lokal | 23. feb. 2015

Desse timane skal det IKKJE regna

Det skal regna kvar dag i vinterferien, men enkelte solgløtt kan du sjå fram til.

Desse timane skal det IKKJE regna
Os hamn mellom bygene måndag. Tysdag ser ut til å bli den tørraste dagen i Os denne vinterferien. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. feb. 2015 09:51

Etter ei helg med bygevêr, regn laurdag og snø og hagl søndag, held vinterferien fram med regn laurdag.

Det er venta nedbør i Os kvar dag gjennom vinterferien, men om du vil ha deg nokre tørre timar utandørs så kan du sjå fram til enkelte timar med opphaldsvêr – og til og med gløtt av sol.

Tysdag blir best

I morgon tysdag blir kanskje den finaste dagen denne veka.

Storm spår regn frå klokka 8 til 13, og etter klokka 20, Yr melder berre frå 10 til 12, opphaldsvêr og delvis skya resten av dagen, med unntak av ei byge i 19-tida.

Onsdag skal det regna lett, kanskje med nokre timar opphald mellom klokka 10 og 14.

Kuling og regn

Torsdag er det meldt mest nedbør og sterkast vind, med frisk bris frå sør og opp i sterk kuling i kasta.

Yr melder over 20 mm nedbør torsdag, og det er også venta å regna tett på fredag.

Temperaturen skal ligga mellom 2 og 5 gradar heile veka. Storm melder noko kaldare vêr til helga og fare for snø søndag.

Sjå oppdatert og detaljert vêrvarsel for Osøyro på Storm vs Yr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.