Sport | 13. sep. 2014

– Det blei omtrent som venta

Tre på tribunen: 75 tilskodarar fekk med seg serieopninga i Oshallen i dag. Dette synest tre av dei om kampen.

– Det blei omtrent som venta
Tre på tribunen, f.v.: Irene Ingrebrigtsen, Arvid Øvreeide og Kjartan Svendsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. sep. 2014 18:52

Damelaget til Os starta i dag serien med heimekamp mot Stord.

Os opna bra og avslutta bra, men gjekk på eit solid tap.

Arvid Øvreeide
(far til spelar Marte)

– Kor ofte er du tilskodar på Os-kampane?

– Eg ser så mange heimekampar som eg klarer.

– Kva synest du om kampen?

– Det blei litt som venta, med tanke på utskifting av spelarar og kort oppkjøring. Men eg trur det kjem seg når dei får spelt litt meir i lag.

– Kven på Os gjorde det best i dag?

– Vibeke gjorde ein veldig god jobb i mål.

Irene Ingebrigtsen
(mor til keeper Vibeke)

– Kor ofte er du tilskodar på Os-kampane?

– Eg ser alle kampane til Os.

– Kva synest du om dagens kamp?

– Dei klarer seg betre enn eg hadde trudd.

– Kven på Os gjorde det best i dag?

– Madde (Madeleine) gjer det veldig bra i dag.

Kjartan Svendsen
(kjærasten til spelar Malin)

– Kor ofte er du tilskodar på Os-kampane?

– Av og til, men det blir oftare i år, no når Malin speler 2. divisjon.

– Kva synest du om kampen?

– Stord er best. Os manglar litt presisjon, men det kjem seg nok utover i sesongen.

– Kven på Os gjorde det best i dag?

– Vibeke.

Les kampreferat og sjå bildeserie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.