Kultur | 28. juli 2014

- Det blir bra uansett vêr

Med ei vêrmelding i stadig endring er det ikkje lett å finne ut om det blir sol eller regn når Osfest arrangerast til helga.

- Det blir bra uansett vêr
Tor Egil Hylland trur festivalen blir bra uansett, men håpar sjølvsagt på strålande sol. (Foto: Kine Evensen)
Kari M. Lyssandmandag 28. juli 2014 12:00

- Det ville vore veldig kjipt om omtrent dei einaste to dagane med regn i sommar blir under Osfest, seier Tor Egil Hylland frå Osfest.

Dei siste dagane har vêrmeldinga for fredag og laurdag skifta frå regn til sol og no tilbake til regn igjen.

- Det endrar seg jo heile tida, så vi håper det vil snu om til sol igjen.

Meldt regn

Storm.no melder måndag om 2,6 millimeter regn på dagen med meir regn om kvelden på fredag. Laurdag blir mykje det same.

- Vi ønskjer jo sjølvsagt at det skal bli bra vêr til helga, men uansett skal det bli ein flott festival, fortel Hylland.

Arrangørane har uansett førebudd seg og har blant anna regnponchoar til dei som måtte ønska det.

- Serveringa er også inni telt så det vil ikkje ha noko å seia der, og på festivalcruisa er ein òg under tak.

Festivalcruisa startar allereie torsdag med eit ekstracruise med den kjende artisten Vidar Busk.

Ein del av risikoen

Til no er det selt i overkant av 1000 billettar til festivalen, men Hylland seier dei har plass til mange fleire.

- Det er fleire billettar igjen både på cruise og grusbana, vi har fått lov å ha opp til 3000 inne på området.

- Fint eller dårleg vêr, det er ein del av risikoen med festivallivet det, og eg er sikker på at det blir nokre flotte dagar med mange gode artistar på scena.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.