Lokal | 21. nov. 2017

Det blir parkering her

Kommunen, Os sentrum og Os ungdomsskule er samde om å nytta grusbanen til parkering.

Det blir parkering her
Grusbanen mellom Os kyrkje og Os ungdomsskule vil i desember og godt ut på nyåret bli nytta til parkering (foto: KVB)
Andris Hamretirsdag 21. nov. 2017 14:08

– Os kommune har saman med Os sentrumsforening blitt einig med Os Ungdomsskole om bruk av halve grusbanen til parkering frå og med 1. desember, og heile banen frå 15. desember, fortel næringssjef Daniel Skotheim i ei pressemelding.

Skal løysa parkeringsutfordringa

Ordninga vil vara fram til godt ut på nyåret.

– Den skal vera med å løyse ein til tider utfordrande parkeringssituasjon i eit Osøyro som er fylt med meir og meir liv.

– Det ligg føre planar om eit parkeringshus på Cirkle K/Brannstasjon-tomta, men fram til det står klart må vi løyse nokre av utfordringane på gode midlertidige måter.

Delast med gjerde

For å ta i vare tryggleiken til blant anna elevane ved ungdomsskulen vil parkeringsarealet bli gjerda inn.

– Os kommune vil dela av grusbanen med tryggingsgjerder/«byggegjerder». Vi oppfordrar, saman med Os Sentrumsforening alle som jobbar i sentrum eller skal opphalde seg i sentrum over lengre tid å nytta parkeringsplassane i randsonen. Dette gjeld også dei på grusplassen frå og med 1. desember, avsluttar Skotheim.

– Eg er veldig glad for at ungdomsskulen gir oss tilgang til halve banen. Det er veldig viktig for oss no fram mot jul og vil gjera parkeringssituasjonen i sentrum mykje mykje betre.

– Eg er òg glad at vi har funne ei løysing med byggegjerder som vil sikre elevene på ein god måte, seier William Lindborg, leiar i Os sentrum til Midtsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.